NRK Meny

Parkeringsbøter i påskeferien

Politiet kjem til å trappe opp kontrollen av feilparkerte bilar langs fylkesvegen opp mot Gaustatoppen i påskeferien. Lensmann Bjørn Høiberg seier til Rjukan Arbeiderblad at det er forbode å parkere langs forkjørsvegen, og ber folk parkere langs vegen til Gaustablikk. Sist helg fekk 25 bilistar parkeringsbot etter å ha sett frå seg bilen ved vegkrysset ved Svineroi.