NRK Meny
  • Funn av tarmbakteriar

    Det er funne tre tilfelle av resistente tarmbakteriar hjå pasientar ved Sjukehuset Telemark. Sjukehuset har sendt brev til pasientar som kan ha blitt utsette for smitte, og desse blir bedt om å kontakte fastlegen sin for vidare oppfølging.

    Sykehuset Telemark
    Foto: Anne Lognvik / NRK
  • Framleis betydeleg snøskredfare

    I Vest-Telemark er det framleis betydeleg snøskredfare, ifølgje NVE. Måndag og tysdag kom det opp mot 50 centimeter nysnø i regionen, og den ferske snøen treng tid på å stabilisere seg. Det er forventa at snøskredfaren minkar gradvis utover dagen.

  • Gjennomslag i Bambletunnelen

    Klokka ni i føremiddag fyrte Nye Vegar av siste salve i Bambletunnelen – og det tyder at det er gjennomslag. Dette er ein milepæl for arbeidet med nye E18, seier utbyggingssjef Ruth Haug i Nye Vegar.

    Gjennomslag i Bambletunnelen
    Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK
  • Telemark Senterparti veks

    Telemark Senterparti auka medlemstalet til 845 medlemer i fjor. Det er femte året på rad at Telemark Senterparti aukar medlemstalet, opplyser fylkespartiet. Auken er størst i Vinje, der kommunepartiet fekk 23 nye medlemer.