NRK Meny
  • Blir statssekretær for Listhaug

    Statssekretær Knut Morten Johansen frå Skien er gjeven avskjed i nåde som statssekretær for statsråd Ketil Solvik-Olsen. Han har blitt utnemnt på nytt til statssekretær for Sylvi Listhaug i Justis- og beredskapsdepartementet.

  • Feirar Elvestuen

    Ordførar Robin Kåss (Ap) og fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap) feirar i dag at Ola Elvestuen (V) blir ny klima- og miljøminister. Årsaka er at Elvestuen ikkje vil legge eit deponi for farleg avfall til Brevik så lenge det er andre som ynskjer eit slikt deponi.

    Ola Elvestuen
    Foto: Olav Juven / NRK
  • Funn av tarmbakteriar

    Det er funne tre tilfelle av resistente tarmbakteriar hjå pasientar ved Sjukehuset Telemark. Sjukehuset har sendt brev til pasientar som kan ha blitt utsette for smitte, og desse blir bedt om å kontakte fastlegen sin for vidare oppfølging.

    Sykehuset Telemark
    Foto: Anne Lognvik / NRK
  • Framleis betydeleg snøskredfare

    I Vest-Telemark er det framleis betydeleg snøskredfare, ifølgje NVE. Måndag og tysdag kom det opp mot 50 centimeter nysnø i regionen, og den ferske snøen treng tid på å stabilisere seg. Det er forventa at snøskredfaren minkar gradvis utover dagen.