Hopp til innhold

Overvinn brystkreft med rosa rundballar

I desse tider kjem rundballane til syne på jorde over heile Noreg. Dei er vanlegvis kvite, men i år vil også rosa rundballar pryde store delar av distrikta.

Rosa rundballar

Dei rosa rundballane skal synleggjere kampen mot brystkreft.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Eg trudde jo fyrst det var ein slags "gimmick", men da eg høyrde at det gagnar ei god sak så tykte eg det var ein god idé.

Det seier Trond Magnus Haugen. Bonden frå Sauherad fekk nyleg rosa rundballar på jorda sine.

– Me har jo blitt så vant til dei vanlege kvite ballane, så desse rosa friskar jo opp gardane også, seier Haugen med eit smil.

Kamp mot brystkreft

Trond Magnus Haugen

Bonde Trond Magnus Haugen tar imot dei rosa rundballane med glede.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Dei rosa rundballane har ikkje berre fått farga si fordi Haugen og andre bønder skal kunne friske opp gardane sine, dei er også eit bidrag i kampen mot brystkreft.

Det er Felleskjøpet som har teke initiativ til ordninga der 30 kroner frå kvar selte rull med rosa plast går til Bryskreftforeningen, skriv Trønder-Avisa. Slik kan bønder over heile landet no enkelt ta i eit tak mot brystkreft.

– Eg bidrar jo i ein viktig kamp på min eigen måte, og det er sjølvsagt godt å kjenne på, seier Haugen.

– Viktig med synleggjering

Tiltaket skjer i samarbeid med Brystkreftforeningen, som er veldig glad for fokuset desse rosa ballane gjer brystkreftsaka.

Brystkreft er den kreftformen som oftast rammar kvinner, og ifølge Bystkreftforeningen får kvar 12. kvinne brystkreft.

– Det er ein stor hjelp at bøndene tek eit sosialt ansvar og er med på å synleggjere kampen mot brystkreft. Ikkje minst er det flott med den økonomiske hjelpa til å finansiere vidare forsking, seier dagleg leiar i Bryskreftforeningen, Beate Christine Wang.