Tillitsvald for verkstadklubben i ABB Skien, Kjell Arne Hamre, fryktar den nye ordninga vil skape eit enda tøffare arbeidsliv.
Stortingsrepresentant Kari Lise Holmberg frå Høgre er ikkje einig og meiner fagrørsla overdriv med sine reaksjonar.
- Det er ikkje snakk om noko forverring av vilkåra, men å vere meir fleksibel. Arbeidstakarane har det same vernet som tidlegare, seier Holmberg.