NRK Meny
Normal

Overlevde svartedauden og engelske leigesoldatar

FYRESDAL (NRK): Av rundt 250 profane tømmerhus frå mellomalderen, står over halvparten av desse ikkje-kirkelege bygga i Telemark. Majoriteten av desse ligg i kommunane Fyresdal, Tokke og Vinje.

Hans Christian Jørgensen

HANS CHRISTIAN JØRGENSEN: Han lyser opp i taket inne i det elles mørke stabburet.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

Det knirkar godt i døra på stabburet på Songedalstveiten i Fyresdal kommune når eigaren, Hans Christian Jørgensen, opnar døra. Den har stått der i mange år.

Av rundt 250 profane tømmerhus frå mellomalderen, står om lag 140 av dei i Telemark. Det utgjer over halvparten av dei ikkje-kirkelege bygga i tømmer frå perioden.

Loftet og buret på Songedalstveiten er datert til 1193, og det eldste tømmeret starta å vekse i år 833. Det var før Harald Hårfagre vart fødd.

Saka held fram under videoen:

Stabbur på Songedalstveiten frå 1193. Dette er det eldste profane tømmerhuset i Fyresdal frå mellomalderen.

Leigetakarar øydelegg husa

Stabburet står her ein gråversdag i oktober, og ein vert minna på at her har stabburet stått i all slags vær og vind i om lag 800 år. Ein kan undre seg på korleis desse bygga har klara seg i so mange år.

Stabbur Songedalstveiten

SONGEDALSTVEITEN: Buret står i gråværet og minner om at her har det stått i all slags vær og vind i 800 år.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

– Eit tørt klima kunne ein tenkje seg var grunnen til at bygningane har klara seg so godt, men då skulle det vore flest bygningar i Østerdalen, der står det ikkje eit einaste hus, seier Kjell Andresen frå Riksantikvaren til NRK.

Han trekk fram at ein viktig faktor har vore at i Telemark har det vore sjølveigande bønder opp gjennom tidene.

Samstundes har ein hatt ein tradisjon med leiglendingar og godseigarar i Østerdalen.

– Der ein har hatt sjølveigande bønder har ein take betre vare på husa sine, enn det ein leiglending har gjort.

Dør i loftsdelen av stabburet

BJØRNEFELLE: Døra er rusta med spisse piggar som skulle beskytte mot rovdyr. Det var ikkje godt å slå labbane på desse.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

Smalhans

Buret på Songedalstveiten er kledd inn med panel, og taket vart skifta ut etter ein storm for nokre år sidan. Dette har vore med på å verne bygget frå vær og vind.

Jørgensen trur at lite fukt og den reine fjellufta har vore ein faktor for at buret på garden har stått der i så mange år. I tillegg seier han at dei var flinke til å take vare på bygget.

– Det var her dei hadde lagra all maten, gjekk maten tapt vart det smalhans, fortel Jørgensen til NRK.

Kors på dørhella fra før reformasjonen

GAMAL DØRHELLE: På hella inn til stabburet er det rissa inn eit kors frå før reformasjonen.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

Eldst i Fyresdal

Stabburet på Songedalstveiten er det eldste av dei om lag 15 profane tømmerbygningane som er datert til mellomalderen i Fyresdal.

Historikaren Aanund Olsnes skreiv i ein artikkel i verket "Norske gardsbruk" om då kong Sverre i 1201 ville leggje Vest-Telemark under seg, han brukte engelske leigesoldatar.

Olsnes skriv; "Kvar dei kom, drap dei alle folk; unge og gamle, kvinnfolk og karar, og alt bufe; dei drap hundar og kattar og alt levande som kom ut for dei, og brende bygdene der dei fór".

Men stabburet på Songedalstveiten fann dei ikkje, det står den dag i dag.

– Om bakken under held, og ikkje noko anna skjer, står det nok like lenge, seier Jørgensen.

  • Vogntog berga på Grønliheia

    Vogntoget, som i dag har stått fast på E134 på Grønliheia, har kome seg laus. Vegen er no open i begge køyrebanar, melder Statens vegvesen.

  • Slår sammen skattekontor

    Kommunestyret i Drangedal har vedtatt å etablere en felles skatteoppkreverfunksjon for Drangedal og Kragerø. Politikerne ønsker at det skal være en kontordag i Drangedal i uka. Etableringen skjer så fort det lar seg gjøre.

  • Gode nyheter for skogbruket

    Produksjon av biodrivstoff på Tofte i Hurum kommune er gode nyheter for skogbruket i Telemark. Det skal investeres 500 millioner kroner til å bygge et anlegg på Tofte. Olav A. Veum i AT skog og Norsk Skogeierforbund mener dette er utelukkende positivt.

    Olav A Veum
  • Vil ta imot flyktninger

    Kragerø har sagt ja til å ta imot ti flyktninger i 2018 etter anmodning fra Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, Imdi. Kragerø har kapasitet til å bosette 20, så dersom situasjonen skulle endre seg stilles disse plassene til disposisjon.