Overlegar går i turnus

Ved akuttmottaket på Sjukehuset Telemark er det innført ei ordning der overlegane går i turnus. Dette blir gjort blant anna for å hindre feildiagnose. Pasientane blir møtt av ein erfaren overlege, i staden for ein lege med langt mindre praksis. Etter at ordninga blei innført har Helsetilsynet ikkje notert avvik ved akuttmottaket.