Hopp til innhold

Tek terrorøving på alvor

Norske kommunar skjønnar at dei kan bli råka av katastrofar og terror. Det er ikkje berre noko som råkar land som er langt vekk. Norske kommunar må vera budde på å takle utfordringane dersom straum, telefon og internett blir borte.

Brann i Lærdal

Brannen i Lærdal synte kor vanskeleg redningsarbeidet blei utan straum og telefon.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Alle kommunane her i landet skal i løpet av dei neste fire åra øve på korleis dei skal kunne takle ei katastrofe. Det fortel avdelingsleiar Georg Bryn i DSB, Direktoratet for samfunnssikring og beredskap.

Korleis taklar ein katastrofar dersom kommunen mister straum, telefon, internett og annan infrastruktur? Det spørsmålet må kommunane stille seg, og øve på alternative løysingar.

– For oss er det svært viktig at kommunane også analyserer svara dei finn og set i verk tiltak slik at dei er budde viss katastrofen råkar, seier Bryn.

Rundkjøring på Notodden

Kva skjer viss byen med gnisten mister gnisten eller straumen. På Notodden har dei hatt øving som gav verdifull kunnskap til vidare arbeid.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Skjønnar alvoret

Kommunane tar terror- og katastrofeøvingar mykje meir på alvor enn dei gjorde før. Dei skjønner at Noreg er ein del av verda.

– I Siljan, Nome og Notodden har det vore katastrofeøving der oppgåva er: Kva gjer de viss de manglar både straum, internett og telefon? Det fortel beredskapsrådgjevar Willy Frogner hjå fylkesmannen i Telemark.

Willy Frogner

Beredskapsrådgjevar hjå fylkesmannen seier at kommunane tek øvingane på alvor.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Han legg til at kommunane tek øvingane mykje meir alvorleg no enn berre for få år sidan.

– Alle ser at me er ein del av verda, og at katastrofar og terror kan råke oss.

Kommunane har vore svært kreative og funne attende til gamle løysingar på uventa problem. Har du ikkje telefon, får du bruke traktor, snøskuter, sykkel eller beina for å få gje beskjed og organisere beredskapsarbeidet.

Ni kommunar skal øve i år

Ni kommunar skal øve i år, dei neste ni skal øve i 2016.

Over påske er det Vest-Telemark, Porsgrunn og Kragerø som får besøk av beredskapsfolka frå Fylkesmannen.

– Me ser at kommunane no lagar ein oversikt over sårbare punkt i høve til beredskap, dei lagar planar og skisserer tiltak som kan betre kommunikasjonen og lette arbeidet i ein krisesituasjon.

– Noreg er ein del av verda, og det må me stelle oss etter, avsluttar Frogner.