Hopp til innhold

Østre Porsgrunn kirke får penger

Bystyret i Porsgrunn har løyvd 15 millioner kroner til ny Østre Porsgrunn kirke.

Østre Porsgrunn kirke.

Her er bilde av kyrkja som brant i 2011.

Foto: Lokalfotograf Trygve Strømstad

Dermed har politikarane vedtatt kor mykje pengar dei vil bruke på eit nytt kyrkjebygg der den gamle kyrkja stod før den brant ned.

Det var Ole Henrik Lia (Ap), gruppeleiar for Ap som la fram eit fellesforslag frå Ap, Høgre og KrF om 15 millioner kroner til kyrkja.

33 stemt for forslaget og 16 stemte i mot.

Les også:

Manglar ei kyrkje

Dermed fekk Porsgrunn Kirkelige Fellesråd fleirtal for søknaden om pengar ril ny Østre Porsgrunn kirke.

Bystyret har vedtatt å løyve pengane over to år.

– Vi manglar ei kyrkje i Porsgrunn. Østre Porsgrunn kirke var ei viktig kyrkje, og det er gått mange år sidan kyrkja brann. Difor er det viktig å få fylt det rommet som er på kjerkehaugen, sa Lia i Telemarksendinga før bystyredebatten.

I vedtaket som tidlegare blei gjort i formannskapet blei det ikkje lagt inn nokon føringar for korleis ei ny kyrkje skal sjå ut.

– Det er Fellesrådet som er byggherre, og ikkje bystyret i Porsgrunn. Bystyret skal bare ta stilling til om dei vil løyve pengar, sa Lia i Telemarksendinga.