Hopp til innhold

Markerer eigenverdi med ordførarkjede

Ordføraren i Nissedal får ordførarkjede på 17. mai. Kommunen vil markere eigenverdi i tider med kommunesamanslåing.

Øyvind Tveit, varaordførar i Nissedal

Varaordførar Øyvind Tveit har fått oppgåva med å skaffe ordføraren i Nissedal eit ordførarkjede. På 17. mai får ordføraren det nye ordførarkjede.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Midt i ordskiftet om kommunesamanslåingar skal ordføraren i Nissedal få ordførarkjede, og den 17. mai skal kjeda henge rundt halsen til ordførar Halvor Homme.

Politikarane har gått offentleg ut og bedt om innspel frå dei om lag femten hundre innbyggarane i kommunen, og dei fleste ønskjer eit moderne uttrykk.

Astrid Søftestad med ordførarkjede

Gullsmed Astrid Søftestad med delane som skal bli ordførarkjede i Nissedal. Hovudemblemet er ikkje med på biletet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Ordførarkjede er viktigare no

Varaordførar Øyvind Tveit har leia arbeidet, og han meiner ordførarkjede er endå viktigare no når Nissedal kanskje blir stroken frå kartet som eigen kommune.

– Vi har prøva å få fram noko av det som kjenneteiknar Nissedal på dei forskjellige emblema på ordførarkjeda, seier Tveit.

Han synest det er viktig med ordførarkjede med tanke på at kommunen kanskje ikkje får bestå i framtida.

– Då synest eg det er fint at vi har dette som eit minne om ein sjølvstendig Nissedal kommune, seier Tveit.

Godkjent av Kongen

Halvor Homme

Halvor Homme, ordførar i Nissedal.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Det er Sparebanken Sør som betaler. Holtskog Nyhuus Design på Gvarv har den grafiske utforminga av ordførarkjede. Og gullsmed Astrid Søftestad er ferdig med arbeidet på sølvsmedtunet Nisseloftet i Vrådal.

– Hovudemblemet er godkjent av Kongen i statsråd, og det har same forgyllinga som slottet brukar, seier Søftestad.

På ordførarkontor i Treungen sit Halvor Homme og gler seg til å få det nye ordførarkjede rundt halsen.

– Eg synest det har vore eit sakn i mange år at ordføraren i Nissedal ikkje har ordførarkjede. Det synest eg alle kommunar skal ha, så det blir stor stas på 17. mai når eg får kjede rundt halsen, seier Homme.

Nissedal skal bestå i mange år

Og kommunalminister Jan Tore Sanner sin kommunereform og utsikter til kommunesamanslåing skal ikkje få legge nokon dempar på feststemninga den 17. mai.

Ordførar Halvor Homme synest enkelte politikarar nesten går litt i dvale og sluttar å tenke på utvikling av kommune, og berre har fokus på kommunereforma.

– Det ønskjer ikkje eg å ha så mykje fokus på. For Nissedal kommune består i dag, og kjem til å bestå i mange år uansett kva som skjer. Og då skal ordføraren i Nissedal ha eit flott kjede rundt halsen på seremoniar, seier Homme.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark