Hopp til innhold

Feirar deponi-siger: Ordføraren spanderte pizza på heile byen

I kveld er det fest i Brevik. Innbyggjarane feirar at det truleg ikkje skal lagrast farleg avfall under den vesle kystbyen likevel.

Ordfører Robin Kåss i Porsgrunn

SPANDERTE PÅ FOLKET: Ordførar Robin Kåss (t.v.) inviterte til fest på ein måndag då nyheita om rapporten kom.

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein langvarig kamp mot lagring av farleg avfall i gruvene under Brevik i Porsgrunn kan gå mot slutten. Eit ekspertutval la i dag fram ein rapport som går langt i å utelukke den vesle kystbyen som alternativ.

Ordførar Robin Kåss meiner innbyggjarane no kan puste letta ut, og inviterte like godt heile byen på gratis pizza måndag kveld.

– Det er så mange som har stått på og brukt utruleg mykje tid på dette gjennom fem år, sa Kåss til dei glade frammøtte.

Då NRK var innom tidlegare i kveld var pizzarestauranten full av feirande deponimotstandarar.

Pizzafest i Brevik etter deponirapport

Det blei stor stemning på pizzarestauranten i Brevik måndag kveld.

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

Fullt innan 2025

Flagga gjekk til topps både i Brevik og ved rådhuset i Porsgrunn då ekspertutvalet la fram rapporten sin i dag.

Planane om avfallsdeponi i Telemarksbyen har over tid vekt sterke reaksjonar. Ordføraren og dei andre deponimotstandarane meiner no dei har blitt høyrde.

Ein hovudårsak til dagens konklusjon er at bedrifta Norcem, som i dag disponerer gruvene, utelukkar samdrift og vil fortsette sementproduksjon der i lang tid framover.

Rapporten seier ein difor bør konsentrere seg om andre moglege stader å plassere deponiet.

Dessutan legg rapporten stor vekt på at ein må redusere mengda farleg avfall.

Skilt i Brevik

Den lokale motstanden mot deponi har vore stor.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ikkje avgjort

Men framleis er ingenting avgjort i saka. Noreg treng framleis eitt eller fleire deponi for farleg avfall. NOAHs noverande lager på Langøya utanfor Holmestrand vil vere fullt innan 2025.

Per i dag er det altså ikkje avgjort kvar industrien skal gjere av farleg avfall når det ikkje er meir plass på Langøya.

Også flygeoske som kjem frå forbrenning av mellom anna ditt og mitt restavfall blir deponert der.

I Dagsnytt 18 i kveld åtvara både direktør Stein Lier Hansen i Norsk Industri og Bellona-leiar Frederic Hauge mot å skrote Brevik som alternativ. Dei meiner Brevik er det mest realistiske alternativet å få på plass i tide.

Hauge meiner forslaget om å avskrive Brevik er i strid med dei faglege råda Miljødirektoratet tidlegare har gjeve.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen lovar ikkje å utelukke Brevik som alternativ, men seier rapporten som kom i dag er grundig og eit godt utgangspunkt.

Den ferske rapporten peikar på fjellmassivet Mulen i Odda i Hordaland og Jordalsnuten i Gudvangen i Aurland som moglege deponi i framtida. Raudsand i Nesset i Møre og Romsdal er også eit alternativ som har vore framme.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark