Hopp til innhold

Ordførarduell frå Tinn

TINN (NRK) : Steinar Bergsland frå Høgre, Bjørn Sverre Birkeland frå Senterpartiet og Trond Kjetil Jore frå Arbeidarpartiet møttes til ordførarduell i NRK Telemarksendinga.

Ordførarduell i Tinn

Steinar Bergsland, Trond Kjetil Jore og Bjørn Sverre Birkeland møttes til ordførarduell i Tinn.

Foto: Johs Apold / NRK

Vallogo

Tinndølane har kjempa for lokalsjukehuset sitt og mot nedlegging i ein menneskealder - men ifjor tapte dei den endelege kampen. Den blåblå regjeringa la ned Rjukan sjukehus, etter ein lang og smertefull prosess.

Sjukehusnedleginga skaper fortsatt bølgjer politisk, og det er ganske uforutsigbart korleis velgerane om ei veke vil straffe eller belønne partia lokalt.

Her kan du høyre ordførarduellen med programleiar Johs Apold:

Frp la ned lokallaget

Framstegspartiet la ned sitt eige lokallag i Tinn i protest mot partiets opptreden sentralt, og stiller ikkje liste i år. Kor går Frp-velgerane i år, er eit åpent spørsmål.

Høgres ordførar Steinar Bergsland førte ein lang kamp mot sitt eige parti, men nådde ikkje fram. Ingen i Tinn er nok likevel i tvil om kva Bergsland og Tinn Høgre meinte i saka - spørsmålet er om høgrevelgerane vil straffe regjeringspartiet, eller belønne Bergsland for jobben han gjorde - uten å vinne fram.

Senterpartiet og SV var dei einaste partia som klart meinte det same lokalt og nasjonalt, og gjekk imot sjukehusnedlegging.

Sjukehussaka kan prege valet

Leiaren i Tinn Høgre, Bjørn Sverre Birkeland, gjekk frå Høgre til Senterpartiet etter nedleggingsvedtaket, og blei raskt valgt til senterpartiets nye ordførarkandiat.

Dette spranget lokalpolitisk er kanskje ikkje så langt, men enkelte observatørar i Tinn har undra seg over at Birkeland tilsynelatande også skifta ideologi over natta.

Arbeiderpartiet følte seg og svikta av partiet sentralt i sjukehussaka. I tillegg har partiet lokalt i Tinn vore ridd av indre konflikter og personstrid i fleire år. Nå ser det ut til at det gamle maktpartiet i Tinn har tatt samling i bånn.

Vertskommune for flyktningar

Den nye ordførarkandidaten Trond Kjetil Jore er ganske fersk i politikken. Aps strategi for komande fireårsperiode er nok å kome i posisjon til å samarbeide om makta, meir enn å få ordføraren denne gongen.

Tinn har ein lang tradisjon som vertskommune for flyktningar og asylsøkarar. SVs nye toppkandidat Sanja Pasovic er den personifiserte representanten for denne hjertevarmen, som vi kan kalle arven etter avdøde ordførar Erik Haatvedt.

Flyktningepolitkken og sjukehussaka kan styrke SV i valget. Venstre og Miljøpartiet stiller og liste i Tinn, og kan i ein gitt situasjon kome på vippen etter valget.