Hopp til innhold

Ordførarduell frå Kviteseid

KVITESEID (NRK): I Kviteseid er det skifte av toppkandidatar i Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Miljøpartiet kan bli partiet som avgjer ordførarvalet.

Ordførarduell i Kviteseid

Tarjei Gjelstad frå Arbeidarpartiet, Anne Birgit Sollid frå Senterpartiet, Jon Ingebretsen frå Miljøpartiet de Grønne og debattleiar Johs Apold.

Foto: NRK

Valglogo

Telemarksendinga sin kommuneturne med ordførarduell er komen til Kviteseid.

Ordførarduellen frå Kviteseid er mellom Tarjei Gjelstad frå Arbeidarpartiet, Anne Birgit Sollid frå Senterpartiet og Jon Ingebretsen frå Miljøpartiet de grøne.

Johs Apold leier debatten frå Waldenstrøm kafe i Kviteseid, og tema var blant anna skule, kommuneøkonomi, miljø og kommunesamanslåing.

Her kan du høyre debatten:

Debatt i alle kommunane

I løpet av valkampen skal vi i NRK Telemarksendinga besøke alle dei 18 kommunane i fylket, før duellane blir avslutta med ein fylkesordførarduell på Dyrsku'n.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark