NRK Meny
Normal

Ordførarduell frå Kragerø

KRAGERØ (NRK) :Høyr ordførarduellen frå Kragerø med Henriette Fluer Vikre frå Framstegspartiet, Reidar Skoglund frå Høgre, Jone Blikra frå Arbeidarpartiet og Charlotte Therkelsen Sætersdal i Rødt.

Ordførarduell i Kragerø

Reidar Skoglund, Henriette Fluer Vikre, Jone Blikra og Charlotte Therkelsen Sætersdal møtte Christina Førli Aas i ordførarduell til Kragerø.

Foto: NRK

Vallogo

Kragerø kan bli kommune nummer to i Telemark med ordførar frå Framstegspartiet. Høgres Kåre Preben Hegland har vore ein markert ordførar i åtte år, dei fire siste med Henriette Fluer Vikre frå Frp som varaordførar.

Fluer Vikre har vore ein av dei få varaordførarane som har bruka vervet til å skape seg ein politisk plattform, og dette har ikkje gått ut over samarbeidet med det største partiet i koalisjonen, tvert imot.

Her kan du høyre ordførarduellen:

Hegland trekker seg

Nå trekker Hegland seg frå politikken, og Høgres nye ordførarkandidat er Reidar Skoglund. Han har nå i valkampen gått til det oppsiktsvekkande grepet å kunngjere at Høgre støttar til Fluer Vikre som ny ordførar i kystbyen. Og utgangspunktet frå valet i 2011 er altså at Høgre er meir enn dobbelt så stort som Frp.

I dei to siste periodane er også KrF, Venstre og Senterpartiet med i fleirtals samarbeidet, det er nok høgst usikkert etter at Høgre har knytte seg endå nærare opp til Frp.

Også i Kragerø er det skulestrid som kan snu fleirtalet i valet. Hegland, Fluer Vikre og co. har trumfa gjennom ein hardhendt skulesentralisering, som opposisjonen har stemt imot.

Rødt er ein joker

Særleg Rødts Charlotte Therkelsen Sætersdal har vore ein sterk talsperson mot denne skulepolitikken. Ho og Rødt er derfor ein joker i dette valet. Rødt gjorde eit sterkt val sit, med over sju prosent oppslutning. Det KAN ligge til rette for eit endå betre val for Rødt i år.

Det er likevel eit stykke fram for at Arbeidarpartiets Jone Blikra med eventuell støtte frå SV og Rødt kan erobre fleirtalet. Som nemnt kan eit eller fleire av sentrumspartia kome til å skifte side – og då er det straks meir ope. Styrkeforholdet i denne perioden er 19–16 i favør fleirtalspartia.

Ein ny joker i Kragerø er Miljøpartiet de Grønne, som stiller med den profilerte naturvernaren Per Erik Schultze på topp.

  • Fiska i elv med fiskeforbod

    Det er sett folk som fiska i Herregårdselva på Nystrand i Porsgrunn. Der er det totalforbod mot fisking. Miljørådgjevar i Porsgrunn har denne og andre små elver under oppsikt nå i gytetida for laks og sjøaure. Fiskarane vart kontrollerte av politiet.

  • Klissvåt helg i vente

    Det ligger an til en klissvåt helg på Østlandet, skriver Meteorologisk institutt på Twitter. Det vil komme to lavtrykk over Telemark, som vil gi mellom 70 og 150 millimeter regn de våteste stedene.

    Laster Twitter-innhold
  • Øl-tyv pågrepet i Notodden

    En øl-tyv i en butikk i Notodden sentrum er pågrepet og kjørt i arresten. Vedkommende hadde oppført seg skremmende mot andre personer, ifølge politiet.

  • Innovasjonspris til Fyresdal

    Innovasjonsprisen for universell utforming 2017 i kategorien landskapsarkitektur er tildelt Hamaren Aktivitetspark i Fyresdal. Juryen roser kommunen for å ta på alvor viktigheten av å tilby aktiviteter til alle, uavhengig av helse og fysisk form.

    Rullestolstien er et tilbud til alle
    Foto: Bo Lilledal Andersen / Nrk