Hopp til innhold

Ordførarduell frå Hjartdal

HJARTDAL (NRK) :Bengt Halvard Odden, Arbeidarpartiet, Nils Olav Hovde frå Kristelig folkeparti og Mathias Kleppen, Senterpartiet stiller i ordførarduellen.

Ordførarduell i Hjartdal

Bengt Halvard Odden, Arbeidarpartiet, Nils Olav Hovde frå Kristelig folkeparti og Mathias Kleppen, Senterpartiet saman med NRKs Christina Førli Aas i Hjartdal.

Foto: NRK

Vallogo

Løkslid og Ap har køyrt offensivt og fått kritikk frå opposisjonen for å bruke for mykje pengar. For å finansiere politikken sin, auka Ap eigedomsskatten- noko som førte til veldige protestar, spesielt frå hyttefolket.

Proteststormen førte til at Arbeidarpartiet måtte snu – og ta ein heilt ny gjennomgang og redusere skattegrunnlaget. Men det er framleis uro omkring Hjartdal kommune og skattlegginga av fritidshusa. Siste ord er ikkje sagt om Hjartdal som hyttekommune.

Generasjonsskifte i Hjartdal

Skulestruktur er ein gjengangar også i Hjartdal. Den politiske kampen står nå om Hjartdal og Tuddal skal behalde barneskular med første til sjuande klasse, eller om alle frå femte klasse og oppover må dra til Sauland på skule.

Løkslid gir seg som ordførar etter berre fire år, og går rett over i fylkespolitikken. Han er nå fylkesordførarkandidat for arbeidarpartiet.

Det er litt av eit generasjonsskifte som nå blir gjennomført i Hjartdal politikken. Alle parti stillare med nye ordførarkandidatar.

Her kan du høyre ordførarduellen:

Fire parti vil ha ordføraren

Aps nye topp er Bengt Halvard Odden, mens Senterpartiet som gjerne vil gjenerobre ordførarplassen, stiller med Mathias Kleppen.

Kristeleg folkeparti har ofte vore i vippeposisjon i Hjartdal, og har nå Nils Olav Hovde som ny topp.

Så stiller Høgre igjen liste i Hjartdal – etter at dette partiet har vore fråverande i nokre år.
Audun Darrud, mest kjent frå Hjartdal Røde Kors, er ordførarkandidat for Høgre i Hjartdal.