Hopp til innhold

Ordførarar nektar å skrive under på kontrakt med politiet

KRAGERØ (NRK): Fleire ordførarar i heile landet nektar å inngå samarbeidsavtalar med politiet. Dei meiner politiet ikkje er til stades i lokalsamfunnet når innbyggjarane treng dei.

Eirik Skjervagen

IRRITERT ORDFØRAR: I Fyresdal har politidistriktet for andre gong ikkje godkjent forslaga til samarbeidsavtalar som kommunen og den lokale politikontakten har laga, seier ordførar Erik Skjervagen (Ap). No vurderer han å kutte ut arbeidet med avtala.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Me er på krigsstien mot politiet no.

Det seier ordførar i Fyresdal, Erik Skjervagen (Ap). Den vesle kommunen mista lensmannskontoret som fylgje av politireforma, og ordføraren seier det er lite å sjå til det operative politiet.

Skjervagen er ikkje åleine om å vurdere å droppe heile samarbeidskontrakten med politiet.

Dei same signala kjem frå kollegaene hans fleire stader i landet: I Skjervøy i Troms, i Nittedal og Lørenskog i Akershus, og i Kragerø og Vinje i Telemark.

I desse dagar skal politiet inngå avtalar om tenestetilbod og førebyggjande arbeid med alle kommunar i Noreg, som eit ledd i politireforma. Fristen frå Politidirektoratet var 15. oktober, men i mange av landets politidistrikt er arbeidet ikkje fullført.

Fleire stader er årsaka at kommunepolitikarane meiner politiet bryt med intensjonane i nærpolitireforma, som mellom anna er «å sikre nærvær av et kompetent og effektivt lokalt nærpoliti, der befolkninga bor.»

Jone Blikra

Ordførar i Kragerø, Jone Blikra, trur det kan bli krevjande å skrive under ei avtale om samarbeid med politiet. Han har sjølv bakgrunn frå politiet, blant anna som lensmann.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK

Vil ha konkrete lovnader

Det er det motsette av korleis desse ordførarane opplever situasjonen. Dei sit med ei kjensle av at innbyggjarane ikkje kan vera trygge på at politiet er der når det trengst.

Måndag skal Skjervøy-ordførar Ørjan Albrigtsen (KrF) møte to av KrFs stortingsrepresentantar for å ta opp problemet. Han meiner kommunen i Nord-Troms sit att med lensmannskontor som utarma og utan innhald etter nærpolitireforma.

24. oktober var heile kommunestyret samla om å sende samarbeidsavtalen i retur til politiet, utan underskrift.

– Skjervøy er eit livskraftig samfunn. Me sender ut sjømatprodukt for heile sju milliardar kroner i året, men eit livskraftig samfunn treng eit nærpoliti ute blant folk, ikkje berre ein person som sit på lensmannskontoret her nokre timar i veka, seier han.

Ordfører i Skjervøy

I Skjervøy, der Ørjan Albrigtsen (KrF) er ordførar, var alle partia i kommunestyret samde om å sende samarbeidsavtalen i retur til politiet utan signatur.

Foto: ØYSTEIN ANTONSEN / NRK

Får ikkje bukt med promillekøyring

I Vinje i Telemark sit ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) og tenker dei same tankane. Vinje har fått eit større kontor etter reforma, men Kleven seier politiet ofte er vanskelege for innbyggjarane å få tak i når dei trengst.

Han meiner politiet lagar eit B-lag av kommunar som ikkje blir prioriterte av politiet. og peikar mellom anna på problem med promillekøyring i distriktet.

– Oppdagingsrisikoen er så å seie null. Og det er diverre risikoen for å bli oppdaga som er det beste tiltaket mot fyllekøyring, seier Kleven.

Siste dropen

Heller ikkje Jone Blikra (Ap) i Kragerø er interessert i å signere ei avtale med politiet utan tydelege forpliktingar om eit politi som er meir til stades.

Blikra etterlyser konkrete punkt om blant anna responstid og etterforskingskapasitet.

Det same seier ordførar Jon Rikard Kleven i Vinje. For dei begge var Justisdepartementets avgjerd om at lensmannskontora båe stadene mistar passkontora den siste dropen.

Har for tronge rammer

Dag Størksen, leiar for politiet i Telemark, seier fleire kommunar no er i ferd med å inngå avtalar med politiet, og at dialogen er god mellom kommunane og politiet. Han håpar å få til avtalar med alle kommunane i Telemark til slutt.

– Eg forstår argumenta til desse ordførarane. Men politiet sine rammer er for tronge til å imøtekome alle forventningane frå kommunane, seier Størksen.

– Er det rett at det er mindre trygt å vere innbyggjar i distriktskommunane?

– Nei, me jobbar med å vere til stades overalt der folk bur. Men det er mange fleire saker i byane og tettbygde strøk. Når det gjeld promillekøyring kjem me til å fokusere endå meir på det framover, seier Størksen.

Politidirektoratet seier at politiet vil fortsette å levere gode polititenester i heile landet uavhengig om det ligg føre samarbeidsavtaler. Dei vil ikkje uttale seg om utspela frå ordførarane om kvaliteten på polititenestene.