NRK Meny

Ordførar snur - betaler sjølv

Ordføraren i Drangedalvil sjølv betale for den omstridde dressen Drangedal kommune har tinga. Det same gjeld rådmannen og leiargruppa hans. Dei svært sterke reaksjonane dei siste dagane gjer det uråd for meg å bruke ein dress kommunen betaler, seier Karianne Sydtveit Reiten. Ordføraren seier at ho har fått trugsmål etter at det blei kjent at kommunen ville kjøpe dressar til toppleiinga i Drangedal.