NRK Meny

Ordførar avlyser studiereise til EU

Ordførar Robin Kåss i Porsgrunn avlyser ei studiereise til Brussel. Årsaka er reaksjonar frå publikum, skriv ordføraren på Facebook. Fleire har reagert på at ei gruppe politikarar i Porsgrunn dreg på studiereise til EU-hovudstaden samstundes som bystyret skal spare pengar. Ordføraren seier at det er viktig for han å ta konstruktiv kritikk på alvor.