Hopp til innhold

Ordførar pressa til å snu: Avlyser studietur til Brussel

Ordførar Robin Kåss (Ap) i Porsgrunn avlyser ei studiereise til Brussel. – Det er vanskeleg for folk å forstå at 20 personar skal på studiereise samstundes som Porsgrunn bystyre må spare pengar, seier ordføraren.

Robin Kåss i Porsgrunn
Foto: NRK

Det var laurdag morgon ein hardt pressa ordførar bestemte seg for å avlyse turen.

– Jeg ønsker å være en lyttende ordførar, og jeg har fått mange tilbakemeldinger fra folk i Porsgrunn om at reisen til Brussel sender et feil signal, skriv ordføraren på Facebook.

Ville sende 20 personar til Brussel

Det var ordføraren sjølv som før jul tok initiativ til reisa. Planen var å sende til saman 20 personar frå administrasjonen, fagforeingane og frå det politiske miljøet i Porsgrunn til Brussel for å studere industripolitikk. Prisen for reise med to overnattingar blei rekna til nær 200.000 kroner

I ettertid har ordføraren fått menge reaksjonar både på sosiale medium og frå folk på gata.

– Porsgrunn er inne i eit år med store omstillingar og store investeringar. Det er viktig å ta konstruktiv kritikk på alvor, seier ordføraren i dag.

– Men burde du ikkje ha tenkt gjennom dette tidlegare?

– Det gjorde eg. Det er viktig for ein industristad som Porsgrunn å kjenne industripolitikken i EU. Men i ettertid ser eg at ei reise for 20 personar blei for omfattande. Difor er det rett å avlyse, seier Kåss.

Matteus (5) pressa ordføraren

Truleg er det eit oppslag i PD i dag som til slutt pressa ordføraren til å avlyse reise. Der fortel småbarnsmor Helene Toftdahl Kolaas at Matteus på fem år ikkje får plass på Porsgrunn kommune si spesialavdeling for barn med autisme.

Helene Toftdahl Kolaas

Helene Toftdahl Kolaas og Matteus (5) har lagt press på ordføreren.I dag valde han å avlyse.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Mora fortel av avslaget kom eit par dagar før det blei kjent at kommunen skal bruke fleire hundre tusen kroner på ei reise til Brussel.

– Jeg ble lei meg. Det er bekymringsfullt at politikerene ikke tar vare på det de er forpliktet til, før de reiser på en dyr studietur, seier Helene Toftdahl Kolaas til avisa.

Får støtte etter avlysing

Ordføraren valde å avlyse turen utan å orientere dei andre gruppeleiarane i bystyret. No får han støtte både frå Høgre og frå Venstre

– Ordføraren har fått mykje pepar, og det var rett å avlyse, seier gruppeleiar Åge Frisak i Venstre.

Det same seier gruppeleiar for Høgre, Espen Storvand.

– Det blei for omfattande med 20 personar. Difor var det klokt av ordføraren å avlyse, seier Storvand

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark