Ope ordførarval i Kviteseid

Det er heilt ope kven som blir ordførar i Kviteseid etter ei finteljing av stemmene som viser at Høgre har kapra eit mandat frå Arbeidarpartiet. Det fører til at Arbeidarpartiet og Senterpartiet får like mange representantar i det nye kommunestyret.