NRK Meny
Normal

Skattekutt tek frå dei skulen

Nissedal kan kome til å fjerne eigedomsskatten – mindre enn eitt år etter at skatten blei innført. I så fall mister 14 elevar på Fjone skulen.

Fjone skule

I vinter er det 14 elevar ved grendeskulen på Fjone.

Foto: Johs Apold / NRK

Det er Nissedal Arbeiderparti som varslar omkamp om den omstridde skatten. Næringslivet i Nissedal er sårbart, og ordførar Halvor Homme (Ap) er redd for at skatten kan ta knekken på enkelte.

Halvor Homme

Ordførar halvor Homme (Ap) vil fjerne eigedomsskatten og legge ned grendeskular.

Foto: Johs Apold / NRK

– Nissedal er ein typisk reiselivskommune, der aktørane treng trygge rammevilkår. Eg er redd skatten skaper eit dårleg bilete av Nissedal som reiselivskommune, seier ordføraren.

Les også:

Omkamp - mindre enn eitt år etter

No varslar han omkamp, mindre enn eit år etter at skatten blei innført. Det provoserer ordførarkandidat Anne Nora Oma Dahle i Nissedal Senterparti.

– Det er ikkje berre populistisk, men også udemokratisk å ta saka opp att mindre enn eitt år etter at skatten blei innført, seier Oma Dahle, som reknar med at eit skattekutt vil føre til at Fjone skule og deler av skulen i Nissedal blir nedlagt.

Anne Nora Oma Dahle

Bygdene treng grendeskular, seier Anne Nora Oma Dahle (Sp).

Foto: Johs Apold / NRK

– Utan skule i grendene blir det vanskeleg å få tilflytting. Ein distriktskommune som Nissedal har ikkje råd til å miste ein einaste familie, seier Oma Dahle.

Skattekutt tyder skulekutt

I Nissedal blir eigedomsskatten kopla til ordskiftet om grendeskulane. Då skatten blei innført i fjor var det som resultat av eit ynskje om å halde på grendeskulen på Fjone og mellomsteget ved Nissedal skule.

No er ordføraren klar til å ofre grendeskulane.

– Dersom Arbeidarpartiet får fleirtal for å kutte skatten frå januar 2016, ligg det i korta at grendeskular blir nedlagt, seier Halvor Homme.

FrP for eigedomsskatt

Ordskiftet om eigedomsskatten kløyver alle parti så nær som Senterpartiet. Det er og eit paradoks at Framstegspartiet, som er tufta på motstand mot skattar og offentlege inngrep, var med på å innføre skatten.

Men no er partiveteran Frank E. Lien i tvil.

Frank E. Lien

Frank E. Lien i Nissedal Framstegsparti var med på å innføre eigedomsskatten. No er Lien i tvil.

Foto: Johs Apold / NRK

– For meg er dette eit val mellom pest og kolera. Grendeskulane er viktige, og så får me sjå om det er andre måtar å skaffe pengar på. Helst ville eg kutte i drifta, slik at det var mogeleg å drive grendeskular utan eigedomsskatt, seier Lien, som ikkje har avgjort korleis han vil røyste når saka kjem opp i kommunestyret i desember.

Det tyder at utfallet av saka er heilt uviss, og at Nissedal kan kome til å kutte både skatt og grendeskular, mindre enn eitt år etter at skatten blei innført.

  • Feil ende av statistikken

    Telemark er blant fylkene med den laveste levealderen for kvinner. Statistikken til Folkehelseinstituttet for fjoråret viser at gjennomsnittlig levealder for kvinner i fylket er 82,8 år. Kvinner i Sogn og Fjordane har den høyeste levealderen med 85,2 år.

  • Meteorologen om glatte veier

    OBS-varsel fra Meteorologisk institutt
  • Advarer om glatte veier

    Laster Twitter-innhold