Hopp til innhold

Oljetømming i gang

Grunnen til at det har tatt så mange dagar før tømminga starta, er selskapet som skal gjera jobben har konsentrert seg om å stoppe lekkasjene ved å tappe usikra olje over på tette tankar.

Full City på grunn i Langesund
Foto: Anne Lognvik / NRK

I tillegg har oljen ombord vore blanda opp med sjøvatn, og det er jobba med å skilje olje og vatn før tapping.

Skal destruerast

Då NRK var ute ved havaristen i ettermiddag var godt hundre tonn olje tappa ut av båten og over i ein lekter som torsdag kveld går til Sandefjord der oljen blir mellomlagra til det er klart kvar den skal destruerast.

Tungoljen frå Full City er spesialavfall, og det er enno uklart kven rederiet har gjeve omdraget med å bli kvitt oljen på forsvarleg vis.

Porsjektleiar for operasjonen, Jens Thon frå selskapet Busker og Berging, seier alt har gått etter planen så langt, men det er vanskeleg å sei kor lang tid det vil ta å tøme skipet heilt for miljøskadeleg olje.