Hopp til innhold

Øl frå Gvarv på Michelin-restaurant i Oslo

SAUHERAD (NRK): Det klirrar i flasker og dunkar i tankane under ølproduksjonen på Lindheim gard. Nå står eit samarbeid med ein trestjernes restaurant for tur.

Ingeborg Lindheim serverer øl på Maaemo

ØL PÅ MICHELINRESTAURANT: Ingeborg Lindheim leverer lokalt øl til Maaemo i Oslo, ein restaurant med tre stjerner i Michelin-guiden.

Foto: Rebekka Røed / NRK

På ein gard i fruktbygda i Telemark blir det laga øl i verdsklasse. Tanken om ein fruktgard som var litt annleis blei større enn dei hadde tenkt seg i starten.

Det er Ingeborg Lindheim og mannen Eivind Eilertsen som driv garden.

– Vi skulle ta over familiegarden min, og hadde lyst til å skape arbeidsplassen vår her. Og då måtte vi tenke litt alternativt enn vanleg fruktdyrking som har gått føre seg her i mange år.

Så dei bygde om låven og gjorde klart for brygging av øl. No har dei ein kapasitet på mellom 120-140.000 liter med øl i året.

– Vi dobla kapasiteten i fjor, men er framleis ganske små, seier Lindheim.

Øl på eikefat i Lindheim gårdsbryggei

Lindheim Ølkompani lagrar øl på eikefat før det blir tappa på flasker.

Foto: Rebekka Røed / NRK

Samarbeider om nytt øl med Maaemo

Lindheim gard på Gvarv er ein av tre lokalmatprodusentar i Telemark som har fått sin plass i Michelin-restauranten Maaemo i Oslo.

Lindheim har samarbeida med restauranten i Oslo i to år.

– Dei har hatt ølet vårt i restauranten og servert det av og til. Og så har vi utvikla fleire typar øl som dei har vore interessert i.

Nå skal bryggeriet saman med restauranten utvikle ein heilt eigen øl, fortel eigar av bryggeriet Ingeborg Lindheim. Med ein miks frå restauranten og garden på Gvarv skal det bryggast ein heilt spesiell øl.

– Det blir eit spennande prosjekt som vi kjem til å utvikle fram mot jul. Det blir ein miks av det Maaemo er kjent for og det som Lindheim er kjent for, nemleg å sanke ting frå naturen og at vi lagrar ølet på eikefat.

Unik smaksoppleving og kvalitet

Petter Nome

Direktør for Bryggeri- og drikkevareforeningen, Petter Nome, er glad restaurantane får auge på mangfaldet i ølbølga.

Foto: Morten Andersen / NRK

Direktør for Bryggeri- og drikkevareforeningen, Petter Nome, meiner det er fantastisk kva ølbryggeriet på Gvarv har fått til.

– Det er mange små bryggeri her i landet, og mange av dei leverer god kvalitet. Men når det gjeld å skilje seg ut og gje ei unik oppleving og kvalitet er Lindheim gard i ei særklasse.

Nome framhevar at dei har vore veldig kreative når det gjeld å bruke nye produkt i ølsamanheng.

– Det er også viktig at dei tørr å snakke med andre, og suge til seg kunnskap frå folk. Ikkje sjå på dei som konkurrentar, men som nokon dei kan lære av.

Han er veldig glad for at det er mange restaurantar som har fått auge på kvaliteten og mangfaldet i den nye ølbølga.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark