Hopp til innhold

Vil ha blues under OL i 2022 i Oslo

Jostein Forsberg vil gjerne høyre blues under kulturprogrammet for OL 2022 dersom Oslo får arrangere vinterleikane.

Jostein Forsberg
Foto: Eirik Haugen / NRK

Kulturprogrammet vil vere ein svært viktig del av det olympiske prosjektet for eit eventuelt vinter-OL i Oslo i 2022.

I desse dagar blir det arrangert regionale workshops for å kartlegge korleis kulturlivet ønskjer å vere involvert dersom Stortinget vedtar å støtte søknaden om å arrangere Dei olympiske og paralympiske vinterleikar (OL/PL) i Norge i 2022.

Ingunn Olsen

Ingunn Olsen er informasjonsdirektør i Oslo2022.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Det er viktig for oss å kome i dialog med kulturarbeidarar over heile landet for å få innspel og råd for korleis vi skal forme ut det olympiske kulturprogrammet, seier informasjonsdirektør Ingunn Olsen i Oslo 2022.

Les også:

Oslo blei vald til ein av tre aktuelle olympiske byar i juli 2014, saman med Beijing i Kina og Almaty i Kasakhstan.

– Notodden Bluesfestival har ei lokal forankring, men dei når ut både nasjonalt og internasjonalt. Den erfaringa dei sit på vil vi gjerne dra med oss inn i eit olympisk kulturprogram, seier Olsen.

Bli kjent i utlandet

Oslo kom best ut av dei tre kandidatbyane i IOC si vurdering, og det ønskjer Oslo2022 å ta med seg inn i arbeidet med kulturprogrammet.

– Vi ønskjer å ha eit ambisiøst og godt kulturprogram som er med på å løfte kulturlivet, og som fører til at kulturlivet blir kjent internasjonalt, seier Olsen.

Jostein Forsberg

Jostein Forsberg vil gjerne ha blues på OL-programmet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Dagleg leiar i Notodden Bluesfestival, Jostein Forsberg synest det er spennande. Han er glad for at dei sa ja til å bli med. Han ser mange moglegheiter for kulturlivet.

– Vi kunne ha takka nei, og stått på sidelinja. Men det er ikkje vår haldning, seier Forsberg.

Blues på programmet

Bluesfestivalen har ein ambisjon om at bluesen får ein plass i kulturprogrammet til Oslo 2022.

– Vi ser at heile kulturlivet i Noreg kan få vist seg fram, og at det kan føre til at kvaliteten blir betre, seier Forsberg.

Før workshopen starta fekk deltakarane ein smakebit frå bluesartisten Rita Engedalen som er aktuell med ny plate. Informasjonsdirektøren for Oslo 2022 likte det ho høyrde, og ser gjerne at blues får ein plass i kulturprogrammet.

– Det hadde ikkje vore meg imot. Eg blei heilt rørt av å sitte og høyre på Rita Engedalen. Det er ein musikk som går inn i hjarta, seier Olsen.

Oslo2012 workshop Notodden

Rita Engedalen gav ein smakebit av bluesplata ho nyleg hat gitt ut.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Vil vere med å bestemme

Kulturprogrammet startar alt i 2018 og varer i fire år, dersom Oslo får vinter-OL. Men før det skal Oslo2022 levere den endelege søknaden 7. januar 2015 der kulturprogrammet skal vere med.

– Vi skal vise fram kulturlivet i Noreg, blues er ein del av det, seier Olsen.

Kulturprogrammet skal femne heile landet, og difor må premissane for korleis programmet skal sjå ut bli lagt no.

Ragnhild Kraugerud

Ragnhild Kraugerud vil ikkje ha eit kulturprogram for eliten.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Biblioteksjef på Notodden, Ragnhild Kraugerud, synest det er vanskeleg med OL, men vil gjerne vere med å legge premissane dersom det blir eit kulturløft gjennom OL-arrangementet.

– Det er flott at vi i Telemark og på Notodden får vere med på å legge premissane for noko som kanskje skal skje. For det hjelper ikkje å sitte og sjå på arrangementet og tenke at kvifor kunne dei ikkje gjort det slik, seier Kraugerud.

Alle må med i full breidde

Ho vil gjerne at Norge skal vise seg fram som ein del av verda, og ikkje som ein spesiell del av verda langt nord.

– Og det er enkelt. For vi har så mange flotte kunstnarar. Det er berre å brette dei ut i fulle breidde. La alle kunstarter få kome med, og la det ikkje berre bli for ein elite, seier Kraugerud.

Det var ikkje folksamt under workshopen for OL2022 på i Bok og Blueshuset på Notodden.

Jostein Forsberg trur noko av årsaka til det er at eit OL i Oslo er omstridt blant folk og politikarar.

– Det er eg glad for at eg ikkje treng å ta stilling til. Viss det blir eit OL i Oslo, så blir det veldig mykje fokus på kulturen, og då ville det vere rart å ikkje vere med på å forme det, seier Forsberg.

Ikkje mål å fylle salen

Ingunn Olsen seier dei har møtt masse engasjement på dei to møta som er blitt halde i Oslo og Haugesund.

– Vi vil møte folk som har noko å bidra med inn i arbeidet vår. Poenget vårt er ikkje å fylle ein sal med 50 menneske. Vi ønskjer å ha fem-seks som vil vere med å bidra, seier Olsen.

I september blir det også arrangert møter i Hammerfest, Trøndelag, Oslo, Bergen og Kristiansand.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark