Hopp til innhold

Økonomistudentane lar seg ikkje skremme

BØ/SKIEN (NRK) Økonomi og administrasjonsfaga er framleis blant dei mest populære studia å søke seg til. Det til trass for at fleire finanstoppar har spådd dårlegare jobbutsikter.

Forelesning på NTNU Ålesund, SIKT-konferansen 2016

GODE SØKARTAL: Økonomistudentane følger ei av mange førelesingar ved NTNU i Ålesund.

Foto: Frode Berg / NRK

Tala frå Samordna opptak syner at utdanninga berre vert slått av helsefaga i kampen om søkartala.

Inne på eit lite kontor i tredje etasje på Odd stadion i Skien har økonomistudent Patrick Martinsen Hagen vore i praksis dei siste månadane.

Patrick Martinsen Hagen

Patrick Martinsen Hagen trur det er mogleg å få fast jobb etter tre års utdanning.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Han er ferdig med tre års utdanning innan økonomi og administrasjon. No skal han ut i arbeidslivet og har akkurat fått fast jobb.

– Det har eg ikkje sagt til så mange enno, for eg fekk beskjeden for nokre timar sidan.

Å få fast jobb er det ikkje sikkert økonomistudentar kan rekne med i framtida. I februar presenterte eit konsulentselskap ein analyse som synte at mange finansjobbar vil verte overflødige.

Samstundes har også Banktoppar i både Sparebank 1 og DnB sagt til Dagens Næringsliv at dei ikkje ser bort frå at dei må halvere talet på tilsette i framtida.

Helge Kaasin

Helge Kaasin trur ikkje søkartala til økonomifaget vil auke i framtida.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Lar seg ikkje skremme

Det ser likevel ut til at ungdommen førebels ikkje lar seg skremme frå å søke økonomifaga.

– Det er fordi det er eit studium du kan bruke til mykje forskjellig, og det er ikkje noko særskilt yrke du utdannar deg til. Så det passar bra for dei som ikkje heilt har bestemt seg for kva dei skal bli i framtida.

Det seier Helge Kaasin, instituttleiar for økonomi og IT ved Høgskulen i Søraust-Noreg avdeling Bø. Sjølv om søkartala framleis er gode, trur han at bilete vil verte annleis framover.

– Det er venta at søkartala til økonomi og administrative studiar ikkje vil auke. Men på den andre sida har søkartala vore gode.

Årsaka til at finansjobbane er spådd dårlege framtidsutsikter, skuldast automatisering. Ein ventar seg at robotar skal ta over fleire av jobbane som er i dag.

Økonomifaget vil endre seg

Pål Adrian Hellman

Pål Adrian Hellmann trur økonomifaget blir meir spennande i framtida.

Forbundsleiar i finansforbundet, Pål Adrian Hellman, seier dette er ei problemstilling dei kjenner godt til, men at dei opplever at vinden er i ferd med å snu.

– Folk er opptekne av ny teknologi og lønsemd. Men den einsidige trua på at kundar kjem til å vere heilt sjølvbetente ser ut til å ha tapt seg.

Hellman trur likevel økonomistudentane må vere opne for omstilling framover.

– Det blir aldri feil å ta ei økonomiutdanning. Tvert i mot, så treng vi kjempegode økonomar i framtida. Men økonomi kjem også til å endre seg, så det faget kjem til å bli meir spennande.

Den nyutdanna økonomen i Skien har også eit klart råd til dei som vurderer å studere økonomi.

– Det vil framleis vere mogleg å få jobb, sjølv om mykje kan skje på tre år, seier Martinsen Hagen.