Hopp til innhold

Ønskjer jobben og pengane som følgjer med

SKIEN/KRAGERØ/TØNSBERG (NRK): – Pengane kunne vore bruka på ein betre måte slik at vi hadde fått meir godt politiarbeid per krone. Det meiner politimeister Rita Kilvær i Telemark. Ho snakkar om fangetransport med alt for mykje daudtid.

fEIRING MED POLITIFOLK, KAKE, BILAR, uniformert kvinne ser inn i ei celle, politimeister i møte, garasjar

Politimeister Rita Kilvær vil ha tilbake jobben med å transportere fangar.

Kriminalomsorga har fått 40 millionar kroner i 2015 til eit pilotprosjekt der dei tek seg av fangetransport i politiregionen som omfattar Asker og Bærum, Buskerud, Vestfold og Telemark.

Ingen er misnøgde med jobben dei gjer, men fleire stiller seg spørsmålet om dette er rett måte å organisere arbeidet på.

Arresten i Skien

Hit til arresten kjem mange av fangane inn.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ventar i 30 prosent av arbeidstida

Kari Gjærum

Arrestforvaltar Kari Gjærum sjekkar at fangen har det bra bak den tunge jerndøra.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Årsaka til at politimeisteren i Telemark er kritisk til nyordninga er at dei tilsette sit og ventar i 30 prosent av arbeidstida.

Berre i oktober utgjorde dette over 1300 arbeidstimar.

– Viss politiet framleis hadde hatt transportoppdraga, ville vi kunne nytta den ledige tida til å gjere anna politiarbeid, seier Kilvær.

Kriminalomsorgen er godt nøgde

Bjørn Krogsrud, regiondirektør i kriminalomsorga

Regiondirektør i kriminalomsorga, Bjørn Krogsrud.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

– Eg trur politimeisteren i Telemark er aleine om å meine dette, seier regiondirektør Bjørn Krogsrud i kriminalomsorga.

Sjølv er han veldig godt nøgd med jobben dei har gjort i over eit år. Han vedgår at "stilletida", altså den tida folka hans sit og ventar på oppdrag, er lang.

– Men då politiet dreiv med transporttenesta var det også ventetid, men politiet hadde ikkje gode rutinar til å registrere det, legg han til.

Eit moderne hovudkvarter

Ved Berg fengsel utanfor Tønsberg har kriminalomsorga bygd opp eit moderne hovudkvarter, og til veka er dei store, nye garasjeanlegga ferdige.

Fangetransporten sysselset 40 menneske, og det er kjøpt inn 18 bilar som blir bruka til å frakte fangar.

Sjølv om kriminalomsorga tek dei fleste transportane no, må også politiet ha bilar til fangetransport slik som denne som politiet i Telemark har.

Fangebil

Betjent Morten Brekke viser fram den sivile fangebilen med fire celler.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Kan bli ein mal for heile landet

Pilotprosjektet i Buskerud, Vestfold, Telemark, Asker og Bærum skal evaluerast dei neste vekene, men det blir vidareført inn i 2016 til det blir tatt ei avgjerd om kva som skal skje vidare.

Statssekretær Vidar Brein-Karlsen frå Frp seier til NRK at målet med pilotprosjektet var å frigjera politiet frå slike tidkrevjande transportoppdrag.

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Vidar Brein-Karlsen

Statssekretær Vidar Brein-Karlsen frå Frp.

Foto: NRK

– Slik at politiet kan konsentrere seg om reine politifaglege oppgåver som førebyggande arbeid og etterforsking, seier Brein-Karlsen.

Politimeister Rita Kilvær trur politiet kunne fått meir ut av dei 40 millionane som staten har stilt til råvelde for pilotprosjektet, også politifagleg.

Regiondirektør Krogsrud er ueinig, han trur den beste kvalitetsmessige transportjobben blir gjort av kriminalomsorga.

Ut på våren neste år kjem rapporten, og så er det opp til politikarane å bestemme kva dei går for.