Hopp til innhold

Odd opnar for full stadion

Odd opnar enda fleire plassar på stadion til semifinalen i cupen mot Sarpsborg 08.

Billettkø på Skagerak Arena

Det kan bli lang billettkø til semifinalekampen mellom Odd og Sarpsborg 08.

Foto: Heidi Pleym / NRK

På heimesidene skriv Odd at sesongkort gjeld som normalt. Men for semifinalen blir også øvre del av Varden-tribunen opna.

Det vil frigjere 1300 plassar til. Og når kampen skal spelast vil det vere plass til omkring 11.000 tilskodarar på stadion under semifinalekampen.

1000 seter vil vere låst til bortesupporterane.

Dersom Odd går til cupfinale, vil publikumsgjennomsnittet på dei siste kampane vere avgjerande for kor mange billettar som blir tildelt lagets tilhengarar i finalen på Ullevål i november.

Årets publikumsgjennomsnitt for Odd ligg hittil på 6 530.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark