Odd og Notodden vidare i fotball-NM

Odd er vidare i fotball-NM etter å ha slått Skeid 4–1 på Nordre Åsen Idrettsanlegg. Notodden slo Jerv 3–1 i Idrettsparken.

Frode Johnsen

Frode Johnsen skåra to mål mot Skeid, og Odd er vidare i fotball-NM.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

To telemarkslag var i aksjon i 2. runde i fotball-NM. Odd møtte Skeid borte på Nordre Åsen Idrettsanlegg. Og Notodden fekk besøk av Jerv heime i Idrettsparken.

I 1. runde av NM vant NFK 1–0 borte mot Holmen. Mens Odd slo Skotfoss 13–0 borte på Skotfoss.

Johnsen skåra to mål

Frode Johnsen skåra det første målet for Odd etter 13 minutt, og det andre målet kom etter ei nydeleg skåring av Emil Jonassen i det 27. minutt.

Men like før første andre omgang blei det redusering av Jibril Bojang i det 42. minutt.

Dermed kunne Odd gå til pause med 1–2 på Nordre Åsen Idrettsanlegg i Oslo.

I andre omgang skulle kampen gå mot slutten før det blei skåring igjen. Frode Johnsen viste kvifor han framleis spelar fotball og sette inn sitt andre mål i kampen i det 88. minutt.

4–1 skåringa stod Jonathan Lindseth for i det 90. minutt.

Notodden slo tilbake

Notodden fekk ein tøff start i Idrettsparken og låg under med eitt mål etter tre minutt av kampen mot Jerv.

Men Martin Brekke fekk utlikna for Notodden og det stod 1–1 på Notodden etter 33 minutt av kampen.

Rett før pause sørga Gudmundur Hafsteinsson for at Notodden kunne gå opp i 2–1 leiing.

Og 66. minutt ut i andre omgang skåra Hafsteinsson for andre gong. Dermed kom Notodden vidare i fotball-NM med 3–1 siger over Jerv.