NRK Meny
  • Manuell dirigering på E134

    På E134 blir trafikken dirigert ved Kjeringdalen i Vinje. Årsaka er berging av eit vogntog. Vegen kan måtte stenge i periodar opp mot 20 minutt. Tidlegare var vegen heilt stengd.

  • Åtvarar om tre i vegen

    Statens vegvesen ber trafikantar i Telemark om å vera oppmerksame på tre som bøyer seg over vegbana på grunn av tung snø. Mannskap er ute og ryddar, men dei treng tid for å rekke over alt.

    Rydding av tre, Akkerhaugen
    Foto: Statens vegvesen
  • Manuell dirigering Fv. 37

    På fylkesveg 37 ved Breidgvamodden, på strekninga Gransheradkrysset – Mælkrysset, er det manuell dirigering på grunn av bilberging.

  • Betydeleg snøskredfare

    I Vest-Telemark er det nå betydeleg snøskredfare. Nysnøen har enno ikkje stabilisert seg, og ligg oppå fleire svake snølag. NVE avrår folk å ferdast i bratt terreng.