Hopp til innhold

- Gøy at folk trur på oss

Odd-trenaren lovar og spele offensiv og underhaldande fotball.

Dag Eilev Fagermo, trenar Odd Grenland

- Eg er så barnsleg at eg synest det er gøy at folk har trua på oss før seriestart, seier Dag Eilev Fagermo, trenar i Odd Grenland.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Dag Eilev Fagermo seier at det er like viktig som plassen på tabellen. Søndag er det seriestart mot Stabæk heime på Falkum.

Ifjor hamna laget på fjerdeplass i serien, og før seriestart har ikkje laget tapt ein einaste treningskamp.

Fleire fotballekspertar tippar Odd Grenland på medaljeplass i årets eliteserie.

Les: Hønefoss og Molde er vinnerne

Les også: - NRKs holdning er utdatert

- Blir ein tøff kamp

- Eg er barnsleg nok til at eg synest det er gøy at folk har trua på oss. Og skal eg vere ærleg, så har vi diskutert det internt at vi er fornøgd om vi hamnar blant dei sju-åtte beste laga, om vi i tillegg kan spele underhaldande fotball. For det er like viktig for oss, seier Fagermo.

Han meiner Odd Grenland ikkje har ressursar til å hevde seg heilt i toppen.

Søndag er det seriestart mot Stabæk, som mange fotballekspertar tippar på sølvplass.

- Det blir ein tøff kamp. Men det er gøy å få opne heime mot eit så godt lag. Det gjer at det kjem mange folk på kampen, og det er slike kampar vi gjerne vil spele. Målsettinga er å vinne gjennom offensiv og fin fotball, seier Fagermo.

Trening Odd Grenland

Peter Kovacs og Odd Grenland møter Stabæk heime på Falkum i seriestarten.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark