NRK Meny
Normal

Odd er ute av europacupen

Odd er ute av europacupen etter at PAS Giannina klarte å skåre mål i ekstraomgangane på Falkum.

Nordkvelle skårer på straffe

Fredrik Nordkvelle skåra det første målet på straffespark mot greske PAS Giannina.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB Scanpix

Odd vant 3–1 på Skagerak Arena. Men på grunn av 3–0 tapet i Hellas står det 4–3 til greske PAS Giannina etter at begge kampane er spela. Odd er dermed slått ut av vidare spel i europacupen.

Det blei Fredrik Nordkvelle som skåra det første målet på straffe. Like etter sette Bentley inn 2–0 målet med hovudet etter innlegg frå Thomas Grøgaard.

Få minuttar før slutt klarte Espen Ruud å sette inn 3-0, og det var klart for ekstraomgangar. Innlegget kom frå Rafik Zekhnini.

Det greske laget forsvarte seg godt og Odd hadde problem med å få ballen i mål. Det var først etter straffeskåringa til Nordkvelle det losna meir for heimelaget som tapte med tre mål i bortekampen.

Oliver Berg kom inn for Jone Samuelsen etter 62 minuttar, og Fredrik Nordkvelle blei bytta ut med Zakaria Messoudi etter 83 minutt.

Ekstraomganger på Falkum

Det blei ei kort pause på sidelinja før ekstraomgangane. 3184 såg kampen.

Foto: Jonas Fossing / NRK

Ekstraomgangar på Falkum

I ekstraomgangane blei det greske PAS Giannina som starta best og reduserte til 3–1. Det var spelar nummer 23 Koutris som fekk pirka ballen forbi Sondre Rossbach.

Fleire mål blei det ikkje, sjølv om Odd hadde to store målsjansar som blei redda på streken. Men Fredrik Semb Berge måtte tole gult kort for hard sklitakling.

Joakim Våge Nilsen kom inn for Fredrik Oldrup Jensen.

Det blei ikkje fleire mål i ekstraomgangane, og Odd klarte ikkje avansement til neste runde.

Greske supportarar i Skien

Om lag 300 greske supporterar hadde reist den lange vegen for å følge laget i returkampen i Skien.

Foto: Anne Lognvik / NRK
  • 56 unge nominerte til stipend

    56 ungdommar frå Telemark er nominerte til Drømmestipendet, som deler ut 100 stipend på 15.000 kroner til unge kulturutøvarar. I heile landet er 458 ungdommar nominerte til stipend. I siste halvdel av mars skal juryen vurdere kandidatane.

  • Vil utbetre Tinnosbanen

    Bane Nor vil utbetre Tinnosbanen til normaltrafikk innan 2024, skriv Telen. Bane Nor eig og driftar strekninga, men det er Jernbanedirektoratet som bevilgar pengane.

  • Urolege for skuterkøyring

    Politiet er urolege for fyllekøyring på snøskuter. Erfaringane deira er at alvorlege ulykker på snøskuter og alkohol ofte går hand i hand. I tillegg fryktar politiet at folk ikkje melder ifrå ved ulykker, fordi dei er redd for å bli straffa.

  • Vil ha att OL-pengar

    Notodden kommune bevilga 500.000 til prosjektet «OL til Telemark». Nå ynskjer rådmann Svein Aanestad å få att pengane, skriv Telen. OL-prosjektleiar Geir Berge Nordtveit vil jobbe vidare mot eit OL-vedtak i 2019 og ynskjer ikkje å betale att pengar.