Hopp til innhold

Odd er blitt eit teikneserielag

Odd har blitt eit teikneserielag. Mora til Odd-spelar Frode Johnsen er i gang med ny sesong om DEF og Disiplene.

Liv Enger lagar teikneserie om Odd

Liv Enger er i gang med nye teikneseriestriper om DEF og Disiplene. Foto: Øystein Økter

Mora til Odd-spelar Frode Johnsen valde å ta pennen fatt etter å ha mista sonen Dan i ei tragisk ulykke for snart to år sidan.

Resultatet blei eit teikneseriehefte om fotballaget Odd, og nå er ho i gang med årets sesong. Første stripe ut er frå kampen Odd vant mot Molde tidlegare denne veka.

DEF og Disiplene

Kampen mot Molde blei nye striper i teikneseriehefte DEF og Disiplene.

Foto: Tone Lensebakken / NRK

Fekk hjelp i sorga

Liv Enger sit i stua heime på garden i Skien. Der teikna ho i fjor 34 striper om laget i hjartet sitt.

– Hausten 2013 i august mista eg Dan. Og då trengde eg rett og slett å kome ut av sorga, seier Enger.

Liv Enger lagar teikneserie om Odd

Liv Enger er i gang med nye striper om Odd.

Foto: Tone Lensebakken / NRK

Då starta ho å teikne på stripene om DEF og Disiplene.

– Eg synest sjølv det er litt rart at det blei humor, men då greidde eg å fokusere på det og gjekk inn i bobla mi og hadde det artig. Men då eg kom ut av den, fekk eg sorga tilbake.

Men det hjelpte for Liv Enger å vere ein del av Odde-familien.

– Det har betydd veldig mykje.

Les også: Odd-direktøren: – Jeg er nervøs

Drakta til Odd-trenaren

Og namnet på teikneserien kom heilt naturleg.

– Eg såg bokstavane D, E og F på drakta til Dag-Eilev Fagermo. Og då tenkte eg det må bli DEF og Disiplene.

Då starta Liv Enger med å sjå på bilete, og følte at ho fann ei form på teikneseriestripene.

– Og då berre rulla ballen vidare, seier Enger.

Sjølv om ho i starten ikkje trudde at det ville halde til eit heilt hefte.

Les også: Rekordsal av sesongkort i Odd

DEF og Disiplene

Denne stripa er frå det første heftet om DEF og Disiplene.

Foto: Tone Lensebakkn / NRK

Er på innsida i klubben

Dag-Eilev Fagermo med teikneserie

Dag-Eilev Fagermo blar i teikneserien.

Foto: Tone Lensebakken / NRK

På Skagerak Arena set dei stor pris på Liv sine kunstneriske evner. Å bli ein teikneserieklubb synest son og Odd-spelar Frode Johnsen er berre gøy.

– Eg synest nokon av figurane er veldig gode. Og eg liknar vel på meg sjølv eg også, stort sett, seier Johnsen.

Trenar for Odd Dag-Eilev Fagermo. Han kjenner seg godt igjen i teikneserien.

– Ho er såpass mykje på innsida i klubben og tett på Odd. Liv både skjønar, forstår og veit kva som går føre seg, seier Fagermo.

Og teikneserien får du kjøpt i Svindal-kiosken. Kiosken på Skotfoss og i Odd-butikken.