NRK Meny

Nytt reinseanlegg for asylmottak

Fyresdal kommune set som vilkår for å godkjenne asylmottaket i Hauggrend at eigaren på Foldsæ bygger nytt reinseanlegg. Det gamle anlegget har ikkje kapasitet til eit asylmottak for inntil 180 personar, seier ordførar Erik Skjervagen til Vest-Telemark Blad. Eigaren Willy Skjeggerud meiner at kommunen ikkje har høve til å krevje nytt reinseanlegg.

Erik Skjervagen på Foldsæ
Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK
  • Mann meldt for køyring i rus

    I Skien vart ein mann meldt for å ha køyrt ein bil i påverka tilstand. Førarkortet er beslaglagt og prøve er tatt.

  • Stans for semitrailer

    På Fv 200 ved Halen gård i Langesund har ein semitrailer fått ein stans. Det er mogleg å passere forbi, opplyser politiet.

  • Røyklukt i Sør-Noreg

    Det er røyklukt fleire stader i Sør-Noreg som truleg stammar frå skogbrannen i Portugal og Spania. Stormen Ophelia har dratt med seg lufta nordover.

  • Klage på Klovefoss kraftverk

    Naturvernforbundet i Telemark har klaga på vedtaket om bygging av Klovefoss kraftverk i Nissedal kommune. Noregs vassdrags- og energidirektorat ser ikkje at det er grunnlag for å endre vedtaket. Klaga er sendt over til Olje- og energidepartementet for endeleg avgjerd.