Skagerak Energi får nytt kraftverk

Skagerak Energi har opna eit nytt kraftverk i Bykle kommune.

Tord Lien og Knut Barland

Energiminister Tord Lien og konsernsjef Knut Barland i Skagerak Energi.

Foto: Thor Bjørn Omnes
Ragnar Luraas
Journalist

Fredag opna Energiminister Tord Lien Skarg kraftverk i Bykle kommune. Skagerak Energi er medeigar i kraftverket, og utbygginga vil produsere nok straum til 9000 bustader.

Konsernsjef i Skagerak Energi, Knut Barland, var med på opninga. Han er svært nøgd med resultatet.

– Dette er ein smart utbygging, seier Barland.

Han meiner dei med relativt små inngrep har fått ein betydeleg større produksjon i anlegget.

– Vasskrafta er 100 prosent fornybar. Dermed er den eit viktig bidrag i arbeidet for å nå nasjonale klima- og utsleppsmål, seier Barland.

(Artikkelen held fram under bilete)

Skarg kraftverk, Bykle

Sarsjuvet i Bykle der betongdammen er bygt.

Foto: Thor Bjørn Omnes, Skagerak Energi

Har bygt ny dam

Skagerak Energi eig det nye kraftverket saman med Agder Energi, gjennom selskapet Otra Kraft DA.

Kraftverket er ein del av eit større prosjekt. Det er bygt ein ny dam ved Sarvsjuvet i Bykle, og eit omfattande tunnellsystem som samlar vatn frå eit større område.

Dette gir ny produksjon i Skarg kraftverk, men også auka produksjon i dei allereie eksisterande kraftverka i vassdraget.