Hopp til innhold

– Siste sjanse for Lannavegen

Lanna velforeining meiner politikarane i Nome får ein siste sjanse til å løyse trafikkproblema på Lannavegen av fylkeskommunen.

David Hosen, Lanna velforening

Leiar i Lanna velforeining, David Hosen, meiner politikarane i Nome ikkje kjem utanom bompengefinansiering for å løyse trafikkproblema på Lannavegen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Det raudgrøne fleirtalet i Fylkestinget vil låne 70 millionar kroner for å delfinansiere ny fylkesveg 359 mellom Kastet og Stoadalen for å løyse trafikkproblema på Lannavegen i Ulefoss.

Heile prosjektet er kostnadsrekna til 210 millionar kroner.

– Vi må ha ein dialog med Nome kommune om resten av finansieringa, som også vil innebere bompengar, seier Sigbjørn Molvik, leiar i samferdsleutvalet i fylkeskommunen.

Vegvesenet reknar med at prosjektet tidlegast kan starte i 2017.

(Artikkelen held fram under bilde)

Stoa, Ulefoss

Her i krysset ved riksveg 36 vil den nye fylkesvegen mellom Kastet og Stoadalen starte. Det ligg alt steinmassar og vegskjering er sprengt ut til venstre i bildet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Må gjere noko nå

Sigbjørn Molvik frå SV seier at problema på Lannavegen i Ulefoss når det gjeld trafikktryggleik, tungtrafikk og til dels dårleg vegbane ut mot Telemarkskanalen, kan bli større når det om nokre år blir bompengefinansiering på riksveg 36, for det kan føre til at Lannavegen blir ein omkøyringsveg.

– Derfor er vi nøydd til å gjere noko nå, seier Molvik.

Beate Marie Dahl Eide i Senterpartiet seier fylkespolitikarane tidlegare har bruka 100 millionar kroner ekstra på fylkesvegane. Dette er finansiert ved lånopptak.

– Men no meiner vi Kastet-Stoadalen er det fylkesvegprosjektet som vi vil løfte opp og prioritere, seier Dahl Eide.

Vegvesenet har rekna ut at trafikken på Lannavegen kan auke med 20 prosent samanlikna med den trafikken som går der i dag.

– Vi kan også risikere at det blir meir trafikk på Lannavegen enn på riksveg 36 når det blir bompengar, seier Dahl Eide.

(Artikkelen held fram under videoen)

Leiar i Lanna velforening, David Hosen, om den trafikkfarlege Lannavegen.

Her kan du sjå video som viser kor trongt det er nå store køyretøy skal passere på Lannavegen.

– Vi kan også risikere at det blir meir trafikk på Lannavegen enn på riksveg 36 når det blir bompengar, seier Dahl Eide.

Går ikkje ut over andre

Birger Hovden i Arbeidarpartiet seier at dette er eit prosjekt fylkespolitikarane har drøfta i fleire år.

– Dette er eit av dei prosjekta vi kan sette i gang veldig fort. Her er det ferdig ein reguleringsplan, seier Hovden.

Han meiner bygging av ny fylkesveg 359 ikkje vil gå ut over andre prioriterte prosjekt, fordi politikarane utvidar ramma med å låne 70 millionar kroner til prosjektet. Men han skulle gjerne ønska seg meir pengar til fylkesvegane enn det dei har til disposisjon nå.

Fylkeskommunen må saman med Nome kommune sende ein søknad til Stortinget om å få bompengefinansierte resten av finansieringa. Sigbjørn Molvik seier at det sjølvsagt vil arbeidd med å få staten med på finansieringa.

– Men dette er i utgangspunktet ein fylkesveg, og om ikkje staten skulle sjå kor viktig dette prosjektet er, så er eg ikkje veldig optimistisk, seier Molvik.

Men leiaren i Samferdsleutvalet, Sigbjørn Molvik, trur fylkeskommunen og Nome kommune kan bli einige om ei løysing.

(Artikkelen held fram under bilde)

Rødgrønt flertall

Det raudgrøne fleirtal i samferdsleutvalet representert ved Beate Marie Dahl Eide, Sp, Sigbjørn Molvik, SV og Birger Hovden, Ap vil delfinansiere ny fylkesveg 359 med 70 millionar kroner.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Har vore tolmodige

For David Hosen i Lanna velforeining seier det er positivt at fylkeskommunen vil finne ei løysing for trafikkproblem for dei som bur langs Lannavegen i Ulefoss.

– Vi har venta lenge og vore veldig tolmodige. Dette er kanskje den siste sjansen vi har til å få ei løysing for Lannavegen, seier Hosen.

– Nå er det opp til politikarane i Nome, kva håpar du skal skje?

– Eg er usikker. Dei sa nei i 2010, men eg håpar dei seier ja denne gongen. Denne løysinga tvingar seg fram, for vi vil ikkje ha meir trafikk langs Lannavegen, seier Hosen.

Han trur politikarane i Nome må innsjå at det ikkje er nokon veg utanom bompengar om det skal bli ei løysing, slik det er på andre vegprosjekt.

– Dette betyr alt for oss. Vi har venta så lenge på dette, og no ser eg eit lys i enden av tunnelen.

Manglar finansiering

Bjørg Tveito Lundefaret

Bjørg Tveito Lundefaret vil rekne ut kva bompengefinansiering kostar for innbyggarane.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Ordførar i Nome, Bjørg Tveito Lundefaret er glad for at fylkeskommunen tar ansvar og set Lannavegen på sakskartet.

Ho seier at kommunestyret har godtatt bompengefinansiering, dersom fylkeskommunen dekker femti prosent av kostnadene på 210 millionar kroner.

– Her manglar det 35 millionar kroner som må dekkast inn på anna vis, seier Lundefaret.

Men ho er usikker på kva kommunestyret vil seier til tilbodet frå fylkeskommunen som først må bli vedtatt i fylkestinget.

– Kommunestyret har sagt nei før, så eg kan ikkje seie på forskot kva resultatet blir, seier Lundefaret.

Men for politikarane blir det avgjerande kva den enkelte innbyggar må betale i bompengar. Det vil Lundefaret få vegstellet til å rekne ut.