Slepp ikkje unna nynorsk

Sjølv om fleirtalet av innbyggarane brukar bokmål i det nye fylket Vestfold og Telemark, må det nye embetet bruke nynorsk som tenestemål.

Fylkesmann i Vestfold, Per Arne Olsen

Fylkesmann Per Arne Olsen i Vestfold og Telemark sa i går at han ville ha ei avklaring om kva målform det nye fylket skal bruke som tenestemål. Det har han no fått.

Foto: Henrik Bøe / NRK

Allereie den fyrste veka som fylkesmann, bad vestfoldingen Per Arne Olsen om å få sleppe å ha nynorsk som administrasjonsspråk i det nye fylket.

Men no har han fått svar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Frå 2020 vil det vere fleire nynorskkommunar enn bokmålskommunar i Vestfold og Telemark, og Fylkesmannen må derfor bruke nynorsk som tenestemål, skriv departementet.

Fylkesmann Per Arne Olsen seier han ikkje har nokon meining om svaret frå departementet.

– Det er det vi har bede om å få avklart. Og då blir det nynorsk som blir målet.

Informasjon må vere på tenestemålet

I praksis betyr det at all publikumsretta informasjon skal vere på nynorsk. Det vil blant anna innebere at nettsidene til Fylkesmannen i Vestfold og Telemark skal vere på nynorsk.

– Når ein har nynorsk som tenestemål skal nettsider, all informasjon som rundskriv og brosjyrar vere på tenestemålet, seier Daniel Ims, seksjonssjef i Språkrådet.

Ims seier at det arbeidet bør kome i gang med det same.

Fylkesmannen i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har nynorsk som tenestemål frå før.

Viktig med nynorsk i statsapparatet

Telemark Mållag er glade for at Kommunal- og moderniseringsdepartementet slår fast at lova også gjeld for Vestfold og Telemark.

– Dette blir ei ny utfordring for fylkesmannsembete. Men det finst mykje god kompetanse hjå Fylkesmannen, og om nødvendig kan dei rekruttere ny kompetanse, seier leiar Sigbjørn Hjelmbrekke.

Han seier dette er ei viktig avgjerd for dei nynorskbrukarane som finst i området.

– Dette er eit signal om at nynorsk har ein plass i det offentleg Noreg. Det er og viktig i ein nasjonal samanheng at vi har eit statsapparat som aktivt brukar det nynorske språket.

Hjelmbrekke seier dette er med på å opne eit rom for det nynorske språket.

– Nynorsk blir meir vanleg. Det blir eit bidrag som kan senke terskelen for folk til å kjøpe nynorske bøker.

Viser til mållova

Departementet viser til lov om målbruk i offentleg teneste og forskrift om målbruk i offentleg teneste.

Fylkesmannen er å rekne som eit regionalt statsorgan, og i eit slikt statsorgan skal tenestemålet samsvare med fleirtalsforma for kommunane i tenestekrinsen.

Det er ikkje ei fleirtalsform dersom over halvparten av kommunane er språkleg nøytrale.

– Vi har aldri hatt eit ønskje om å utfordre lova. Vi har bede om ei avklaring om vi skal bruke begge språkformer som Telemark har gjort eller berre den eine, seier Olsen.

Vil ikkje endre mållova

Den nye Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Per Arne Olsen, seier han ikkje kjem til å ta noko initiativ til å få endra Lov om målbruk i offentleg teneste.

– Det er politikk, eg held meg til det departementet har bestemt.

Ein konsekvens av samanslåinga av Vestfold og Telemark er at fleire av dei tilsette må bruke nynorsk i større grad enn dei har gjort tidlegare.

– Det er vi førebudd på. Det er også slik i dag at alle skal få svar frå oss på den språkforma dei tar kontakt med oss på.