Går laus på det mange kvir seg for

Fylkemannen i Telemark får skryt for å ha tenkt utradisjonelt og nytt. For å våge å gyve laus på oppgåva som mange kvir seg for. Og dei har heftige mål for framtida. Det handlar om å fylgje lova, og bli flinkare.

Fylkesmannen i Telemark skriv nynorsk tre månader i året

Kommunikasjonsrådgjevar Anne Spånem og fylkesmann Kari Nordheim-Larsen har eit felles mål.

Journalist

Mars er den fyrste nynorskmånaden i 2015. Men også i mai og november må dei tilsette skrive nynorsk for å fylle opp kravet om 25 prosent nynorsk.

Korleis reagerer folk?

– Det er nokon som skundar seg veldig for å skrive ferdig artiklane dei har planer om før nynorskmånaden startar, men stort sett går det vel bra. Seier kommunikasjonsrådgjevar Anne Spånem.

– Det går gjerne litt trått i starten, men når eg kjem inn i det, og får rytme i språket, går det veldig greitt. Det er morosamt, me ville vore fattigare utan dei to skriftspråka våre, legg Spånem til.

Stjerne i boka

Kristin Solbjør

Avdelingsleiar i Språkrådet Kristin Solbjør skryter av fylkesmannen i Telemark.

Foto: Språkrådet

Avdelingsleiar Kristin Solbjør i Språkrådet har aldri høyrt om liknande tiltak når det gjeld å få auka nynorsk delen i statsforvaltinga.

– Veldig mange offentlege verksemder slit med å fylle opp kravet om at både nynorsk og bokmål skal utgjera minst 25 prosent av det som blir skrive og publisert.

– Det å ha ei leiing som er opptatt av godt språk, og medvitne om at det er viktig med veksling mellom båe målformer, er motiverande, seier Solbjør.

Dei som lukkast med denne vekslinga, er dei som har faste rutinar for korleis det skal gjerast legg ho til.

Lurt grep og nytt mål

Språklova som jamstiller nynorsk og bokmål kom i 1930, og blei justert i 1981. Den slår fast at dei to skriftspråka er likeverdige, og at dei som arbeider i det offentlege skal kunna skrive både nynorsk og bokmål.

nynorsk-ordboka

Denne er godt bruka

Foto: Tellef Dahll/NRK

– I år gjorde me eit lurt grep, seier Spånem. Me bestemte at også intranettet vårt skal vera på nynorsk i dei tre nynorskmånadene. På intranettet er terskelen lågare, og du kan skrive litt meir munnleg. For at folk skal kjenne seg tryggare, har me også mange gonger hatt nynorskentusiast Ola Breivega her for å halde kurs, og gå gjennom dei viktigaste reglane. Han motiverer oss alle til å kaste oss over nynorsken, avsluttar Spånem. Sjølv innrømmer ho at ho slit med dei sterke verba.

– Vanlegvis ligg nynorskprosenten på rundt 25, i år håpar me å koma opp mot 30 prosent, avsluttar Spånem.