NRK Meny
Normal

Nordstoga kritiserer heimkommunen: Droppar nynorsk i marknadsføringa

RAULAND (NRK): – Hyttefolk er glade i dialekt og nynorsk når dei er i butikken, men når me skal kommunisere, ynskjer dei bokmål seier reiselivssjefen i Vinje. Odd Nordstoga meiner det vitnar om husmannsånd.

Odd Nordstoga

Artisten Odd Nordstoga trur folk ynskjer meir enn gode løyper i Rauland.

Foto: Roald, Berit / NTB Tema

Vinje kommune fekk 1,2 millionar kroner over statsbudsjettet for å etablere eit Vinje-senter og vera ein spydspisskommune for bruk av nynorsk på Austlandet.

Reiselivssjef Torben Andersen står på sitt. Han seier målet til Rauland Turist er å skaffe gjester til kommune, og det gjer dei best på bokmål.

– Dette er ikkje berre noko me synsar om. Dette veit me ut frå kva folk søkjer på når dei vil ha informasjon.

Han seier det er semje i reiselivsnæringa om at det er bokmål dei brukar, med nokre få unnatak når det gjeld enkeltbedrifter som hotell og liknande.

– Aldri ei ulempe

Artisten Odd Nordstoga frå Vinje har alltid bruka dialekt og nynorsk. Han meiner det vitnar om husmannsånd når heimkommunen blir marknadsført på bokmål.

– Når folk reiser til turiststaden Rauland, er det ikkje berre for å få oppkøyrde løyper og velpreparerte skibakkar. Det er ei pakke som både handlar om naturen og kulturen, seier Nordstoga.

Han trur ikkje han hadde vore meir populær om han hadde sunge på bokmål og snakka bokmål.

Artisten meiner reiselivsnæringa tek feil når dei trur at turistar og andre ikkje toler nynorsk og dialektar i marknadsføringa av landet vårt.

– Det har aldri vore ei ulempe for meg at eg har bruka dialekten og nynorsk. Som eit offisielt språk er nynorsk eit godt språk å kommunisere med. Og eit språk må brukast for å utvikle seg, det må fylgje med tida.

Ålesund og Sunnmøre legg om til nynorsk

Andre stader i landet har dei gjort motsett av Vinje. Visit Nordfjord har bruka nynorsk i marknadsføringa i mange år, og no ved nyttårsskiftet gjer Visit Ålesund og Sunnmøre det same etter ynskje frå årsmøtet.

Tom Anker Skrede

Marknadssjef Tom Anker Skrede, Visit Ålesund og Sunnmøre.

Foto: Visit Ålesund og Sunnmøre
Beate Vik Hauge

Marknadssjef Beate Vik Hauge seier dei får få reaksjonar på bruk av nynorsk, men i så fall er dei positive.

Foto: Visit Nordfjord

– Våre 170 medlemsbedrifter i 15 kommunar er ikkje redde for at folk vil la vera å kome til vårt flotte distrikt fordi dei får informasjon på nynorsk, seier marknadssjef Tom Anker Skrede.

Han seier dei har undersøkt grundig for å finne ut om det kan vera negativt å skifte frå bokmål til nynorsk, men slik dokumentasjon har dei ikkje funne.

– Nynorsk og dialekten vår er ein viktig del av vår identitet. Når me skal marknadsføre lokalmat og lokalkultur, er det naturleg at det er på nynorsk, seier marknadssjef Beate Vik Hauge i Visit Nordfjord.

Rauland Skisenter

I nynorskkommunen Vinje brukar reiselivsnæringa bokmål i marknadsføringa.

Foto: Rauland Skisenter
  • Funnet i god behold

    Den sju år gamle jenta som var savnet i Skien er funnet i god behold. Jenta blir gjenforent med foreldrene. Politiet var i ferd med å trappe opp leteaksjonen, som nå blir avblåst ifølge politiet. Jenta ble funnet av en lærer som var ute og lette.

    Laster Twitter-innhold
  • Leteaksjon etter 7 år gammel jente

    Politiet kaller inn ekstra mannskaper i letingen etter ei 7 år gammel jente på Gulset i Skien. – Jenta kom ikke hjem som avtalt. Det er mørkt og kaldt og vi tar dette på største alvor når det gjelder ei så ung jente, sier Terje Pedersen i politiet.

  • 7 år gammel jente savnet på Gulset

    Politiet leter etter ei 7 år gammel jente på Gulset i Skien. Jenta dro hjemmefra klokke 14.15. Hun har lyst hår og er iført en blå vinterjakke med små grønne, lilla og røde prikker.

  • Spredt HSN skaper trøbbel

    Høgskolen i Sørøst-Norge har støtt på problemer med universitetssøknaden fordi de er lokalisert for mange steder. Rektor Petter Aasen er overrasket over at dette blir et tema og vil rydde opp i eventuelle misforståelser. Høgskolen holder til i Telemark, Vestfold og Buskerud.