NRK Meny
Normal

Nynorsk synonymordbok på data

Nynorsk synonymordbok på data vil gjere nynorsk lettare tilgjengeleg for folk flest.

Nynodata og Microsoft lanserte fredag ei ny nynorsk synonymordbok for Office.

Lanseringa av synonymordboka skjedde i samband med Noregs Mållag si 100 årsmakering i Oslo.

Lettare å bruke nynorsk

Dagleg leiar for Nynodata i Bø, Bjørn Seljebotn, meiner dette vil gjere nynorsk lettare tilgjengeleg for folk flest.

- Det er viktig for å kunne bruke nynorsk at han er lett tilgjengeleg for folk.

Seljebotn fortel at folk flest sit ved datamaskina når dei skriv, og difor må også hjelpemidla vere tilgjengeleg på data.

- Vi har fått god respons frå folk, seier han.

Seljebotn fortel at Microsoft også vil lansere ein nynorsk versjon av operativsystemet Windows XP i nær framtid.