NRK Meny
Normal

Nye verdsarvsenter på Røros og Rjukan

RJUKAN (NRK): Det er blir etablert to nye verdsarvsenter på Røros og Rjukan/Notodden. Her skal besøkande få informasjon om verdsarven.

Verdsarvsenter på Rjukan opning av senter

FÅR VERDSARVSENTER: Det var høgtidleg snorklipping på Norsk Industriarbeidarmuseum på Vemork. Frå venstre Bjørn Sverre Birkeland, Grete Ellingsen, Runar Lia, Sven Tore Løkslid og Gry Fuglestveit Bløchlinger.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Desse sentra skal vere motoren i det lokale verdsarvarbeidet. Dei skal også bidra til målet om at lokalsamfunnet skal spele ei rolle i arbeidet med verdsarvkonvensjonen, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Frå før er det tre autoriserte verdsarvsenter. Det er Bergkunsten i Alta, Vestnorsk fjordlandskap ved Geirangerfjorden og Vegaøyan. Nå følgjer Røros bergstad og Circumferensen og Rjukan-Notodden industriarv etter.

Verdsarvsenteret skal informere

Vidar Helgesen besøker Norsk Ombruk i Stokke

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Foto: Hans Christian Eide / NRK

– Her skal dei besøkande og lokalbefolkninga få god informasjon og innsikt i kva verdsarven står for og kvifor den er så viktig lokalt, nasjonalt og internasjonalt, seier Helgesen.

Helgesen seier at det er eit ønskje å etablere verdsarvsenter ved alle dei norske verdsarvområda.

Det er Miljødirektoratet som i samarbeid med Riksantikvaren har autorisert dei nye verdsarvsentera. Føremålet er å sikre kvaliteten på informasjonen og formidlinga.

Dei autoriserte får støtte til den daglege drifta, utstillingar of formidling. Det blir også utarbeidd ei basisutstilling om verdsarven.

Får ressursar til å gjere betre jobb

Runa Lia, direktør ved Norsk Industriarbeidermuseum

Runar Lia er glad for å sjansen til å gjere ein betre jobb.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Direktør ved Norsk Industriarbeidarmuseum på Rjukan, Runar Lia, seier at dette betyr at dei kan få styrke formidlinga og lage aktivitetar ute i verdsarvområdet.

– Vårt område er stort. Det er over ni mil frå Notodden og til Vinje, så no får vi ressursar til å gjere ein betre jobb.

Norsk Industriarbeidarmuseum på Rjukan har 50.000 besøkande i året.

– No har vi trua på at vi kan auke dette dei neste åra. Rjukan har ei historie og aktivitetar som gjer at folk tar turen hit.

Eldsjeler har lagt ned mykje arbeid

Tone Berge Hansen

Toen Berge Hansen er stolt av den jobben som er gjort.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Nyheita om verdsarvsenteret blei presentert for fylkestinget på industriarbeidarmuseet tysdag. Leiar i kulturutvalet, Tone Berge Hansen, seier det er lagt ned mykje arbeid for å få verdsarvsenteret til Rjukan.

– Eg er utruleg stolt på vegner av Telemark. Her er det mange eldsjeler som brenn for Notodden, Tinn og Vinje.

Berge Hansen trur dette vil trekke fleire turistar til Telemark, og gjere innbyggarane stolte av industriarven.

  • Glatte veger

    I Agderfylkene og Telemark er det nå stedvis glatt på vegene som følge av underkjølt regn, ifølge Statens vegvesen. Spesielt i indre strøk og de mindre vegene er det vanskelige kjøreforhold. Mannskaper er ute og salter og strør.