Hopp til innhold

Ny person mistenkt for å ha tent på huset

Fyrst vart ein mann i 40-åra arrestert og mistenkt for å ha tent på huset. Han er no sleppt fri og politiet har arrestert ei kvinne som var i huset da det brann. Mannen og kvinna har felles barn.

Brann i Porsgrunn

FULL FYR: Dette huset i Porsgrunn er totalskadd etter brannen i natt.

Foto: Theo Aasland Valen

– Dette er den same kvinna som vart sendt til sjukehuset for sjekk av røykskadar etter brannen, seier politiadvokat Ingrid Wiik.

Kvinna som no er arrestert og mannen som er sleppt fri har felles barn.

– Eg er litt usikker på kva forhold dei har no, men dei har vore sambuarar og har felles barn.

Etter å ha følgt opp fleire spor og avhøyrd mannen har politiet no arrestert kvinna som også er i 40-åra

– Eg vil ikkje gå konkret inn i på kvifor ho er arrestert, men det er fordi me følgjer spor i saka, seier Wiik.

Kvinna er avhøyrd i ettermiddag.

– Ho erkjenner ikkje straffskyld, seier politiadvokat Julie Sandvik.

Politiet er på staden og etterforskar. Kvinna blir sittande hos politiet til i morgon.

– Det er på grunn av bevisforspillelsefare at me vil halde henne her, seier Sandvik.

Vart varsla

Mannen som fyrst vart arrestert og mistenkt for å ha tent på huset vart avhøyrd sundag føremiddag.

– Etterforskinga tyder på at det han seier i avhøyret stemmer, men me jobbar no med å få det bekrefta, seier Wiik.

– Kva har han sagt i avhøyret?

– Eg vil ikkje gå i detalj på kva han sa i avhøyret, men me jobbar no med å få bekrefta kva han har sagt, seier Wiik.

Ingrid Wiik, politiadvokat

AVHØYR: Kvinna sit no i avhøyr sundag ettermiddag.

Foto: Roald Marker / NRK

I fyrste omgang vart han mistenkt i saka fordi me vart fortalt at han hadde tent på huset.

– Kven fortalde dykk det?

– Det vil eg ikkje gå inn på no.

– Men er det denne kvinna som har sagt at han tente på huset?

– Eg vil ikkje seie kven som sa kva. Det var også andre spor som låg til grunn for at me arresterte mannen.

Totalskadd

Det var laurdag kveld politi og brannvesen rykka ut til bustadbrannen ved Tjernløkka i Porsgrunn. Huset stod i full fyr og brannvesenet brukte lang tid på å få kontroll over flammane.

– Det brenner enno i huset, men brannen er under kontroll. Huset står fram som totalskadd. Ei kvinne i 40-åra er lagt inn på sjukehus fordi ho har fått i seg røyk, melde politiet to timar etter brannen starta.

Omkring ein time seinare vart brannen sløkt.

– Brannen er sløkt og brannvesenet driv no med ettersløkking. Ein mann i 40-åra er arrestert og mistenkt for å ha tent på huset, skreiv politiet på Twitter.