Hopp til innhold

Ny nettside for barn i rusfamiliar

Ein førskolelærar, som har deltatt i programmet «Barn i rusfamiliar», har skrive ei historie om korleis ho opplevde sin mamma som to personar.

Hilde Jeanette Løberg
Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Eg hadde to mammaer. Ei som kunne alt og var verdas beste, og ei som låg på sofaen og hadde gøymt ølflasker i heile huset.

Historia har ho delt på ei ny nettside lansert av Borgestadklinikken.

Nettsida heiter barnirusfamilier.no

Tips og erfaringar

Barn i rusfamilier

Her framsida på nettsida.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Programansvarleg for Barn i rusfamiliar, KoRus-Sør, Hilde Jeanette Løberg, fortel at dei har mykje erfaring med barn som veks opp i ein familie med ein eller to foreldre som har eit problem med rusmiddel.

– Det er fare for at desse barna kan utvikle ei rekkje problem og symptom. Og vi veit det er viktig å gripe inn for å hjelpe desse barna, seier Løberg.

Ho fortel vidare at fagfolk kan vere litt feige og kvi seg for å jobbe med barn som strevar.

– Så i dette programmet vender vi oss til fagfolk innan skule, barnehage, helsestasjonar, barnevern og PPT og hjelper dei til å bli betre til å samarbeide, seier Løberg.

Og då ville dei også lage ein nettressurs med tips, erfaringar og kloke ting som blir gjort som kan vere ein inspirasjon for fagfolk og andre som er opptekne av tema.

– Det fokuset vi har med å sette fram barnas perspektiv er viktig, seier Løberg.