Hopp til innhold

Ein statsråd - to tolkingar

– Det må lagast nye planar for ambulanseberedskapen før akuttfunksjonane ved sjukehusa på Rjukan og i Kragerø blir lagt ned. Det sa statsråd Bent Høie i sjukehusordskiftet i Stortinget i førre veke. No kranglar leiinga ved Sjukehuset Telemark og leiinga i Tinn kommune om kva statsråden meiner.

Bent Høie

Sjukehusdirektøren i Telemark og rådmannen i Tinn er usamde om kva statsråd bent Høie seier om ambulansetenesta i Tinn.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Direktør Bess Frøyshov ved Sjukehuset Telemark meiner at planane som ligg føre, meir enn oppfyller krava statsråden lista opp for Stortinget.

– Akuttberedskapen ved sjukehusa blir erstatta av ei ambulanseteneste som har rundt fem gonger så stor kapasitet som trongen. Samstundes vil Sjukehuset Telemark fylgje nøye med på kva som skjer med akuttberedskapen utanfor sjukehusa i det året vi treng for å avvikle beredskapen på innsida av sjukehusa, seier sjukehusdirektøren.

Bess Frøyshov

Sjukehusdirektør Bess Frøyshov meiner ho oppfyller krava frå statsråden.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

– Tyder det at det ikkje er aktuelt å legge fram nye planar?

– Ja. Ambulansetenesta skal vere på plass når akuttberedskapen blir lagt ned. Det er det statsråden ber om, seier Frøyshov.

Les også:

Tinn protesterer

I Tinn slår rådmann Rune Lødøen fast at sjukehusdirektøren og tinnsamfunnet tolkar statsråden ulikt.

– Vi forstår statsråden slik at dei planane som ligg føre i dag ikkje er gode nok. Når statsråden seier nye planar, meiner han nye planar, seier Rune Lødøen.

Rune Lødøen

Rådmann Rune Lødøen ber fylkeslegen syte for at akuttberedskapen ved Rjukan sjukehus blir erstatta.

Foto: Tinn kommune

Tinn kommune ber no Fylkeslegen i Telemark og departementet gripe inn og syte for at arbeidet med å legge ned akuttfunksjonane ved sjukehusa ikkje går ut over tryggleiken til dei som bur i nærområda.

–Statsråden må svare

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe, som representerer Senterpartiet i Helse- og omsorgskomiteen, stør tolkinga til rådmannen i Tinn.

– Så lenge det ikkje ligg føre oppdaterte og fornya planar for ambulansetenesta og akutttenestene utanfor sjukehuset, må statsråden syte for at folk har eit tilbod ved Rjukan sjukehus, seier Toppe, som og tek saka opp i eit brev til statsråden.

Der ber ho Bent Høie rydde opp, og syte for at det kjem nye planar for akutttenestene utanfor sjukehuset før akuttfunksjonen ved Rjukan sjukehus blir lagt ned.