No blir det slutt på sommarkøane på denne E 18-strekninga

I dag opna nye E 18 gjennom Bamble i Telemark. Det betyr færre ulykker og mindre kø, lovar Nye veier.

Nye E 18 gjennom Bamble i Telemark.

FERDIG: 16 kilometer med fire felt og fartsgrense på 110 erstattar no den gamle strekninga mellom Rugtvedt og Dørdal i Telemark.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK

I mange år har alvorlege ulykker og lange køar prega delar av vegen mellom Oslo og Kristiansand om sommaren. Trafikken på europavegen aukar for kvart år.

Dei siste åra har fleire nye E 18-strekningar blitt bygd. I dag blei nok ein viktig flaskehals borte.

– E 18 gjennom Bamble har vore ein ulykkesutsett strekning i alle år. No vil antallet ulykker gå ned, seier prosjektdirektør Magne Ramlo i Nye veier.

– Tragisk å tenke på

Lokale krefter har kjempa i mange år for å få på plass ein ny veg.

Etter fleire dødsulykker på vegen starta den lokale entreprenøren Vidar Tellefsen og fleire andre «Aksjonsgruppa E 18» i 1997.

I løpet av 14 år registrerte dei kor mange som blei drepne og skadde på E 18 gjennom Telemark fram til 2010.

Kø E18 i Bamble

SISTE GONG: I fjor var truleg siste sommaren med stilleståande kø på den problematiske E18-strekninga.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Dei kom til 34 drepne, 85 hardt skadde og 521 skadde frå 1997 til 2010.

– Det er tragisk å tenke tilbake på korleis det var. Me har levd midt oppe i alle desse ulykkene, seier Tellefsen.

No har han vore med på å bygge den nye vegen.

– Det blir veldig bra å få vekk gjennomfartstrafikken bort frå den lokale vegen vår. Om sommaren er me nærmast heilt isolerte her på grunn av køen, seier Tellefsen.

Vidar Tellefsen

Vidar Tellefsen har kjempa i mange år for ny E 18 gjennom Bamble.

Foto: Grete Ingebjørg Berge / NRK

Betre reisetid

16 kilometer med fire felt og fartsgrense på 110 erstattar no den gamle strekninga mellom Rugtvedt og Dørdal i Telemark.

Statens vegvesen reknar med at ein vil spare mellom fire og seks minuttar når trafikken går som normalt. I utfartshelger og sommarferien vil ein altså spare langt meir fordi det ikkje lenger vil hope seg opp med kø.

– Den nye vegen vil betre reisetida for norsk næringsliv, og samtidig gjere det tryggare for dei som bur langs den gamle vegen, sa samferdsleminsister Jon Georg Dale under opninga i dag.

Olav Lomme og Jon Georg Dale, opning av E 18 Bamble

Sjåfør Olav Lomme (t.h.) var fyrstemann som køyrde på nye E18 i dag, og blei gratulert av samferdsleminister Jon Georg Dale.

Foto: Sjur Øverås Knudsen / NRK