Ordførarduellen i Nissedal vil framleis stå mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet ved kommunevalet neste år.
Etter ein sommar i tenkeboksen seier Ap-ordførar Halvor Homme ja til renominasjon.
Han trur det blir lite aktuelt å samarbeide med Senterpartiet.
– Eg vil helst fortsette samarbeidet med Kristeleg Folkeparti og Høgre, slik vi gjer i denne perioden, seier Homme.
Kjempar for grendeskulane
Sentralisering av grendeskolane er det store stridsspørsmålet i Nissedal.
Anne-Nora Oma Dahle og Senterpartiet i samarbeid med Framstegspartiet har kjempa med nebb og klør for å behalde skulane.
Deira alternativ er å innføre eigedomsskatt.
Oma Dahle er alt renominert, og ser fram til omkamp med Arbeidarpartiet.
– Alt tyder på det, og eg håpar det. Vi har båe to lyst til å arbeide for Nissedal, seier Oma Dahle.
Generasjonsskifte i KrF
I Kristelig Folkeparti ligg det an til eit generasjonsskifte.
Varaordførar Øyvind Tveit har tidlegare vore ordførar for Kristelig Folkeparti i Nissedal i fleire periodar.
Nå har han informert nominasjonskomiteen at han trekker seg frå leiinga.
Overfor NRK vil han ikkje spekulere i kven som kan vere aktuelle ordførarkandidatar for partiet.
Leiar i nominasjonskomiteen, Astrid Eidem Nordal, sit i kommunestyret i Nissedal.
Ho var ikkje tilgjengeleg for kommentar, men etter det NRK erfarer vil også ho trekke seg.
Lien er i tenkeboksen
Også i Framstegspartiet kan det bli endringar i toppen.
Frank E. Lien har ikkje gitt endeleg svar til nominasjonskomiteen, men tel på knappane om han skal fortsette.
– Eg har sete tre periodar i kommunestyret, og i formannskapet i to av desse periodane. Og då er det kanskje på tide å slepe fram unge og svoltne krefter, seier Lien til NRK.