Hopp til innhold

Ny avtale gir 250 millionar til Grenland

Samferdselsdepartementet tilbyr Grenland ei ny belønningsavtale på til saman 250 millionar kroner for dei neste fire åra.

Gule busser

BYPAKKE: Telemark kan fortsette med billige månadskort til dei som vil bruke bussen.

Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK

Avtalen gjelder for kommunane Skien, Porsgrunn og Siljan og Telemark fylkeskommune.

– Dette dekker behovet for å behalde satsinga på eit godt og billig kollektivtilbod i Grenland, seier fylkesordførar Sven Tore Løkslid.

Positiv til satsing i Grenland

Ketil Solvik-Olsen

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen er positiv til satsinga i Grenland.

Foto: NRK

Fylkesordføraren fortel at Grenland fekk eit av dei billigaste busstilboda i Noreg med «Bussløftet» i 2014. Månadskortet blei sett ned frå 700 til 400 kroner, det blei innført ti minuttar frekvens på linjene i byen i rushtida og enkelte ruter blei utvida.

Sidan har passasjerveksten økt jamt. Siste halvår i 2016 har den gjennomsnittlege veksten vore på 18,1 prosent.

– Det er positivt at Grenland vil jobbe for at fleire reiser med kollektivtransport, syklar eller går, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding frå regjeringa.

Søkte om ein halv milliard

Sven Tore Løkslid

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid er glad for at Telemark kan fortsette med eit billeg og godt kollektivtilbod.

Foto: Roald Marker / NRK

Nå får Grenland 250,2 millionar kroner til å satse på meir kollektivtransport. Belønningsmidlene blir gitt på bakgrunn av måla som er sett for Bypakke Grenland.

Staten bidrar med 70,2 millionar kroner i 2017, og 60 millionar kroner årleg i perioden 2018 til 2020 så lenge måla i avtalen blir oppnådd.

– Vi søkte om 500 millionar, men fekk halvparten. Dette viser at vi har enda større ambisjonar, seier Løkslid.

Grenland hadde belønningsavtale også for perioden 2013–2016 og tok imot i denne perioden 240 millionar kroner i belønningsmidler frå staten.

Fekk nei til å bruke bompengar

Løkslid seier at det blei søkt Samferdsledepartementet om å få bruke delar av midlane frå bompengeinnkrevjinga til å subsidiere kollektivtilbodet i Grenland.

Men fekk nei av Samferdsledepartementet.

– Det var eitt alternativ. No slepp vi det. Men vi skal vere så ærlege å seie at vi bruka det som eit argument då vi forhandla om ei ny belønningsavtale.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark