SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Fylkesordførar Gunn Marit Helgesen vil avblåse krangelen med NSB og i staden samarbeide om å utvikle Vestfoldbanen til Grenland.
Gunn Marit Helgesen.
I går hadde ein politisk delegasjon frå Telemark møte med konserndirektør Einar Enger og toppleiinga i NSB om togtilbodet til Porsgrunn og Skien.
- NSB lova å bidra med sine fagfolk i eit arbeid for å ruste opp Vestfoldbanen, seier fylkesordføraren.
Fagleg hjelp
Helgesen meiner NSB kan bidra med fagleg hjelp til å peike på kva som må gjerast for å finne dei beste løysingane for Vestfoldbanen mot Grenland.
- Og så får vi gjere jobben med å selje inn dei beste løysingane mot Stortinget, seier Helgesen.
Vi må klare å tenke langsiktig, og NSB seier at dei finn Grenlandsområdet interessant å kjøre tog til.
- Men jernbanelina er for dårleg for toget, seier Helgesen.