NRK Meny

Notodden vil luftambulanse

Notodden tar opp kampen om å få luftambulansen. Ordførar Gry Blöchlinger og varaordførar Aslaug Sem-Jacobsen seier til Telen at Notodden med sin infrastruktur med flyplass, flyverkstad, fyllestasjon for flybensin og nærleik til sjukehuset er den beste og gunstigaste staden. Helse- og omsorgskomiteen har bedt Stortinget gå for at Telemark og Innlandet skal få ein slik base.