NRK Meny
Normal

Norsklærar: - Det verste er at ein ikkje får tid til elevane

BØ (NRK): Norsklærarar har for mykje å gjere, og for lite tid til å gjere jobben. Noregs Mållag fryktar at utbrende lærarar går utover undervisinga i sidemål.

Torgeir Fredly fortel om kvardagen som norsklærar

HEKTISK: Sjå Torgeir Fredly fortelje om kvardagen som norsklærar.

– Norskfaget er proppfullt av kompetansemål og ulike fagfelt. Det er vanskeleg å gjere alt godt nok, det er det ikkje tvil om, seier Torgeir Fredly.

Fredly er lærar ved Bø vidaregåande skule, der han blant anna underviser i norsk. I dag er det samsvarsbøying som står på tapetet for tredjeklassingane.

– Det er eit spørsmål om kva du skal prioritere heile tida. Når eg no vel å bruke tid på dette, så går det ut over noko anna. Det verste er at ein ikkje får tid til elevane. Ein får ikkje tid til å prate med dei og gje dei gode tilbakemeldingar, seier Fredly.

Sjå Torgeir Fredly fortelje meir om den hektiske kvardagen som norsklærar i videovindauget øvst i saka.

Torgeir Fredly

PRIORITERE: Torgeir Fredly må heile tida prioritere kva han vil lære elevane sine. Han rekk nemleg aldri å lære dei alt han vil.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Utbrende lærarar

For fleire lærarar er det vanleg å ta med seg jobben heim. Ein må for eksempel ofte ta i eit ekstra tak etter skuletid, for å blant anna rette oppgåver. Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, seier denne mengda ekstra arbeid er enda meir belastande for norsklærarar.

Magne Aasbrenn

FRYKTAR FOR SIDEMÅLET: Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, er redd for at utbrende norsklærarar fører til svekkja undervising i sidemål.

Foto: Noregs Mållag

I samfunnsfag og geografi er det eitt svar som er korrekt. Når ein derimot må setje seg ned med eit litt haltande resonnement i ein norskstil som er skreve av ein 17-åring, så krev det meir konsentrasjon frå læraren, seier Aasbrenn

Aasbrenn har sjølv vore norsklektor i vidaregåande skule i mange år, og han meiner det konstante arbeidspresset på norsklærarane gjer dei utbrende. Det fryktar han går utover undervisinga i sidemål.

– Når presset står på som verst er det fort gjort for norsklæraren å nedprioritere sidemålet, fordi ein vil gå gjennom det ein sjølv ser på som det viktigaste, seier Aasbrenn.

Torgeir Fredly kjenner seg godt att i utsegna til Aasbrenn.

– Eg føler eg nedprioriterer ting heile tida, og da også sidemålet. Eg skulle gjerne brukt mykje meir tid på det, seier Fredly.

For mange karakterar

Dagleg leiar i den faglege organisasjonen Landslaget for norskundervising, Benedicte Eyde er også av den oppfatning at norsklærarane har for mykje å gjere.

Benedicte Eyde

EIN KARAKTER: Dagleg leiar i Landslaget for norskundervising, Benedicte Eyde, meiner ein må få mindre karakterar i norskfaget, slik at lærarane får betre tid til å undervise.

Foto: LNU

Det er nok slik at fleire norsklærarar kjenner på det. Det er få lærarar som faktisk orkar å berre undervise i norsk, for da må ein ha opp mot fire eller fem klasser, og det blir for tungt, seier Eyde.

At arbeidspresset går spesielt utover sidemålet trur ikkje Eyde er tilfellet. Ho meiner faktisk at løysinga på problemet er at norsklærarar ikkje skal gje karakter i sidemål. Men i staden gje ein felles karakter for Hovudmål, sidemål og munnleg.

  • Urædd tapte 3-0

    Urædd skal spille i 1. divisjon for kvinner også neste sesong. Laget tapte 3–0 for Grand Bodø i kvalifiseringskampen i Nordlandshallen søndag.

  • Går mot Urædd-tap i Bodø

    Grand Bodø leder 3–0 over Urædd i den andre kvalifiseringskampen om spill i Toppserien. Dermed går det mot en ny sesong i 1. divisjon for porsgrunnsklubben. Grand Bodø vant også det første oppgjøret med 4–0.

  • Gjerpen tapte mot Stabæk

    Stabæk slo Gjerpen 26–21 i eliteseriekampen på Nadderud arena søndag ettermiddag. Ved pause ledet Gjerpen 12–10.