Hopp til innhold

Lykka er å få bu i Noreg

Damir Delic er i ferd med å få sitt høgste ynskje oppfylt. Gullbilletten er arbeidskontrakten han nettopp har skrive under på. Den gjev han innpass i landet han helst vil bu i.

Damir Delic med arbeidskontrakt

Damir Delic står med nykelen til det gode liv i handa.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det er to og eit halvt år sidan dei blei henta av politiet i leilegheita si på Rjukan, frakta til Trandum asylmottak, og deretter sendt ut av landet.

I godt og vel eit år budde dei i Sarajevo i Bosnia, deretter flytte dei til Kroatia der dei no bur.

Familien Delic på Trandum i februar 2012, berre timar før dei blei uttransporterte.

Familien Delic på Trandum i februar 2012, berre timar før dei blei uttransporterte. Verona, mamma Ana, Aurora (nyfødt) og pappa Damir.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Men dei budde ikkje der så lenge. For få dagar sidan kom far Damir Delic tilbake dit han gjerne vil at familien skal leva livet sitt, til Rjukan i Tinn kommune.

Det finst ikkje ein stad i verda som er så god å bu i som her i Noreg, seier Damir Delic. Han fortel at dottera Verona kjem etter så snart han har funne ei leilegheit familien kan bu i.

Etter kvart kjem også mamma Ana og yngstedotter Aurora.

Sanja Pasovic og Damir Delic på kafeen Nye Tider

Sanja Pasovic og Damir Delic på kafeen Nye Tider i Rjukan sentrum. Nye tider blir det nok også for familien Delic.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Gode hjelparar

Gjennom heile kampen for å få opphald i Noreg, har familien Delic hatt gode hjelparar som aldri gjev opp. Folk som stør økonomisk, praktisk og mentalt.

Utan dei ville me ikkje hatt sjanse til å vinne gjennom, seier Damir.

Støttegruppa har vore der heile tida, det har gjort at me ikkje har gjeve opp.

Verona Delic (9) og Mahdi Shabazi (8)

Det handlar om barna. Verona Delic (9) og Mahdi Shabazi (8)

Foto: Anne Lognvik og Knut Skyllingstad / NRK

Blant anna har støttegruppa leita etter arbeidsgjevarar som kunne tenkje seg å gje Damir jobb.

Kroatia er med i EU, og landet blei inkludert i same arbeidsvandringsreglane som gjeld for andre Schengenland. Det gjorde at det opna seg moglegheit for Damir. Det gjaldt å finne nokon som ville gje han ein jobb.

Tok sjansen

Helge Lars Fjellerud fekk rett før sommarferien spørsmål om han kunne ta inn ein mann til i staben. Det var Damir Delic.

Helge Lars Fjellerud

Helge Lars Fjellerud tilsette Damir Delic som hjelpemann i byggfirmaet sitt.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Fjellerud hadde ikkje engasjert seg i saka då den stod på som verst, men han meiner det er urimeleg at det går så lang tid før myndigheitene reagerer. Særleg er dette uheldig når det er små barn med i bilete.

Fjellerud har i fyrste omgang gjeve Delic ein jobb for tre månader, men det er mykje arbeid for tida. Sjansen for vidare jobb er god.

Det er vanskeleg å skaffe seg jobb når du har eit namn som syner ein annan bakgrunn.

Fjellerud har ikkje berre gode erfaringar med utanlandske arbeidstakarar, men dei det er no blanda erfaringar med norske også. Det er ulikt slag her også, legg Fjellerud til.

Tilbake til Sing Sing?

Damir Delic og Grete Fagerholt på Sing Sing

Damir Delic møter tidlegare nabo Grete Fagerholt på Sing Sing, bustadområdet der familien budde før dei blei utviste.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Fram til februar 2012 budde familien Delic i ein leilegheit på Sing Sing, eit bustadområde som ligg rett ved barne- og ungdomsskulen på Rjukan. No bur Damir mellombels hjå ein kamerat i same område.

Damir er tilbake og møter straks gamle naboar som helsar og ropar at det er hyggeleg at han er tilbake. Damir smiler, og helsar tilbake.

Fantastisk og vakkert! Eg har nesten ikkje ord, seier tidlegare nabo Grete Fagerholt.

Ho fortel at Verona stadig gjekk tur med hunden hennar Sofie då familien budde på Rjukan.

Fagerholt seier ho skjønnar at ikkje alle kan koma til Noreg for å bu, ho har forståing for at det er reglar som skal respekterast.

– Men slik handsaming kan ikkje ta så lang tid at ungar og familiar gror fast, blir ein del av samfunnet, seier Fagerholt før ho og hunden Sofie hastar vidare.

Damir Delic og Grete Fagerholt, tidlegare naboar

Veronica lufta ofte hunden til nabo Grete. Ein stor dag når eg fekk vite at dei kjem tilbake, seier Fagerholt.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Kva tenkjer Verona om å bryte opp og flyta nok ein gong? spør me Damir Delic.

Verona ville vera med meg då eg drog, men eg sa ho måtte vente til me har ein stad å bu. Ho gler seg veldig til å treffe vennene på Rjukan, og starte i 6. klasse her oppe.

Seier faren, som ikkje er det minste i tvil om at han gjer det som er beste for familien, særleg for barna.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark